Våre utgreiingar
Her finn du oversikt over våre utgreiingar.
- Pollen
- Husstøvmidd
- Dyreallergen
Anafylaksi er ein potensielt livstrugande allergisk reaksjon som involverer fleire organsystem i kroppen, blodtrykksfall og pusteproblem. Dei vanlegaste årsakene er:
- Medikament (antibiotika mest vanleg)
- Matvarar (for eksempel nøtter, melk, egg, fisk, skalldyr)
- Insekt (bie, veps)
Det kan vere vanskeleg å finne årsaka til ein anafylaktisk reaksjon. Etter utgreiing viser det seg heldigvis i de fleste tilfelle at pasientens reaksjon ikkje var så alvorleg som først antatt.
Mange har eit unødvendig restriktivt kosthald grunna ubekrefta mistanke om overfølsemd overfor enkelte typar mat. Det er berre rundt 5 % av alle med mistenkt matallergi som faktisk har det. Kosthaldsrestriksjonar kan vere problematisk, spesielt når basismatvarar som melk eller gluten (kveite, rug, bygg og havre) blir uteletne utan god grunn.
Sentralt i utgreiinga står ope og dobbeltblind matvareprovokasjon ved klinisk ernæringsfysiolog. Klinisk ernæringsfysiolog gir også diett- og kostråd. Mange følger strenge diettar, og risikerer mangelsjukdommar fordi ein ikkje tar nok omsyn til for eksempel tilstrekkeleg inntak av kalsium frå andre matvarar ved melkeallergi.
RAAO - Helse Vest samarbeider med mage-tarm-seksjonen ved Medisinsk avdeling om utgreiing av mistenkt matallergi-/ intoleranse.
Utgreiing av legemiddelrelaterte overfølsemdsreaksjonar, her også legemiddelallergi, blir utført ved RAAO- Helse Vest. Pasientar som får slike uønska reaksjonar av legemidlar unngår ofte ikkje berre bruk av liknande legemidlar, men blir utrygge på bruk av andre legemidlar i tillegg. Opplysning om mogleg legemiddelallergi gjer at helsepersonell blir utrygge med omsyn til valg av legemiddel for den aktuelle pasient.
Seksjonen tilbyr denne pasientgruppa ein omfattande utgreiing med grundig gjennomgang av sjukehistoria, klinisk undersøking, blodprøvar og andre relevante undersøkingar. Hudtesting og provokasjonstesting med mistenkte legemiddel er sentrale ledd i utgreiinga. Det kan også vere aktuelt med toleransetest som er utprøving av eit sikkert alternativt medikament.
Nye diagnostiske metodar som kan bidra til å avklare bakenforliggande mekanismar ved legemiddeloverfølsemd, er under utvikling.
Seksjonen har tilbod om utgreiing av overfølsemd for legemiddel brukt for narkose og lokalbedøving. I Noreg er førekomsten av anafylaksi under narkose anslått til om lag ein reaksjon per 5000 operasjonar. Etter slike reaksjonar er det viktig for pasientens tryggleik at episodane blir utgreiia slik at ein kan ta dei nødvendige forholdsreglar før eventuelle nye inngrep i lokalbedøving eller narkose.
Frykt for reaksjon på lokalbedøving hindrar mange i å få den behandlinga dei treng, for eksempel hos tannlegen. I dei fleste tilfella er reaksjonar under lokalbedøving at ein merkar ubehag, er nær ved å svime av eller svimer av grunna ubehagelege sanseinntrykk, og ikkje grunna sjølve lokalbedøvinga.
Kvart år blir eit stort antall nye stoff innført i vårt samfunn. Desse stoffa kjenner vi ikkje godt nok til å kunne seie noko på førehand om dette vil utløyse meir allergi, og det blir stadig dokumentert nye yrkesallergiar.
Vi veit allereie at 9-15 prosent av all astma hos vaksne er utløyst av faktorar i pasientanes yrke, men også plagar i øvre luftvegar, og ikkje minst handeksem kan skyldast allergi og anna overfølsemd for stoff i arbeidsmiljøet. Seksjonen har tilbod om utgreiing av mistenkt allergiutløyst yrkessjukdom i samarbeid med arbeidsmedisinsk poliklinikk.