Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Eldre mann lent over gresstrå nyser inn i lommetørkle. Foto

RAAO - Helse Vest

Regionalt senter for astma allergi og overfølsomhet

Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO) er ei regional kompetanseteneste og eit regionalt behandlingssenter innanfor fagområdet astma, allergi og overfølsomhet.

Kontakt oss

​ ​

Har du fått time hos oss?

Viktig informasjon

​​Med tanke på hudprikktesten er det viktig at du ikkje bruker einskilde legemiddel på førehand. I første rekkje gjeld dette allergitablettar av typen antihistaminar (for eksempel Loratidin, Aerius, Cetirizin, Kestine, Telfast, Zyrtec) og reisesyketablettar. Om mogleg må desse unngåast i minst 3 dagar, men helst i ei veke før testen.
 
I samband med prikktesten er det viktig at ein unngår å bruke body lotion på armane same dag.
 
 

Første gangs konsultasjon

Når du kjem til avdelinga, gå først til ekspedisjonen. Her vil du bli vist vegen til poliklinikken, der ein av våre sjukepleiarar vil ta imot deg. Deretter vil du bli henta av legen til ein konsultasjon.
 
Etter samtalen med legen er det vanleg at ein gjer ein hudprikktest som blir lest av etter 15 minutt. Medan du ventar tar ein eventuelt blodprøvar og pusteprøvar.

Film: Praktisk utføring av prikktest

 

Pasientar som går til allergivaksinasjon

Du må ringe avdelinga og få ny time dersom du:
 
  • er forkjøla, har feber, eller har anna sjukdom
  • har allergisymptom. Du skal vere symptomfri i minst ei veke​​​ før vaksinasjon.
  • har fått annen vaksine eller antibiotika dei siste 7 dagane
  • har hatt behov for å auke dosen med astmamedisin
 

Pasientar som skal til provokasjon​

Du må ringe avdelinga og få ny time dersom du:
 
  • er forkjøla, har feber eller har anna sjukdom
  • har allergisymptom
  • har brukt antihistaminar dei siste dagane​

 

Har du eller barnet ditt matallergi?

RAAO Vest har i samarbeid med lærings og mestringssenteret kurs i matallergi.

Klikk på lenka for å komme til Matallergikurs - Helse Bergen HF

E-læringskurs og andre kurs ved avdelinga

  • E-læringskurs i Praktisk anafylaksibehandling
    Dette kurset skal bidra til at alle som får ein anafylaktisk reaksjon på sjukehuset får rask og rett behandling.
    E-læringskurs i Praktisk anafylaksibehandling
    Alltid tilgjengeleg
  • Matallergikurs
    Målet med kurset er å gje deg kunnskap, samt faglege og praktiske råd om å leve med matallergi.
    Matallergikurs
    26.
    mai
    2025
Sist oppdatert 26.03.2025