Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utbrotshandtering, vaksinasjon og pandemi

Utbrot er kostbare for helsetenesta. Dei rammar pasientane, fører til at avdelingar må stengast for nye innleggingar og til auka sjukefråver for personalet. Omfang av utbrot kan reduserast dersom dei blir handtert korrekt og raskt. Høg grad av vaksinasjonsdekning i befolkninga vil ha betyding for omfang av utbrot der ein har tilgjengelege vaksiner. Erfaring og kunnskap frå Covid-19-pandemien må bearbeidast og implementerast i framtidig smittevernarbeid.

​Tiltak 64

Det skal i sjukehuset sitt infeksjonskontrollprogram føreligge skriftlege retningslinjer for oppklaring og avgrensing av utbrot. HF

Tiltak 65

Utbrotshandtering skal vere ein del av gjeldande lokalt og regionalt planverk for beredskap. HF/RHF

​Tiltak 66

Smittevernpersonell bør vere representert i beredskapsleiinga ved utbrot med smittsame sjukdomar. HF

Tiltak 67

Ved mistanke om utbrot i sjukehus skal dette varslast i VESUV. HF

Tiltak 68

Helse Vest bør vurdere behovet for eit regionalt fagråd beståande av fagleg leiar for RKS og smittevernlegar frå alle fire føretak samt Haraldsplass Diakonale Sjukehus, som kan bistå ved større utbrot, epidemiar og pandemiar. RHF

Tiltak 69

Helseføretak og andre helseinstitusjonar bør gjennomføre nullrapportering av utbrot. HF

Tiltak 70

Sjukehusa skal ha system for å tilby sine tilsette relevante vaksiner. HF

Tiltak 71

Helseføretak bør ha oversikt over vaksinasjonsstatus blant eige helsepersonell. HF

Tiltak 72

Helseføretak skal bidra til at minst 75 prosent av tilsette i sjukehus årleg blir vaksinert mot sesonginfluensa.  Dei regionale helseføretaka rapporterer summarisk i årleg melding. HF/ RHF    

​Influensavaksinasjon av helsepersonell er eit viktig tiltak for å hindre utbrot av influensa i helsetenesta. Helseføretak i regionen skal bidra til at minst 75 prosent av tilsette i sjukehus årleg blir vaksinert mot sesonginfluensa. 

Sist oppdatert 27.10.2023