Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mikrobiologisk diagnostikk

Innbyggarane i regionen skal vere sikra rask, relevant og kvalitetssikra diagnostikk for smittsame sjukdommar.

​Det regionale helseføretaket skal i samsvar med  smittevernlova sørge for at befolkninga i regionen er sikra nødvendig diagnostikk for smittsame sjukdommar. Dei mikrobiologisk laboratoria i regionen skal ha system for overvaking av problemmikrobar og rutinar for varsling ved auka førekomst.  Raskt prøvesvar er viktig for pasienttryggleik, for val av antibiotikum og for kor lenge pasienten må vere isolert.

Uavhengig av korleis ein vel å organisere smittevernarbeidet, er det nødvendig at det blir utvikla samarbeidsformer som sikrar effektiv kommunikasjon, særleg ved utbrot og endringar i den epidemiologiske situasjonen som krev iverksetting av smitteverntiltak. Ein må sikre at dei mikrobiologiske laboratoria i regionen kan tilby moderne metodar og analysar innan fagområdet. Genteknologiske undersøkingar er eksempelvis nødvendige for å få oversikt og kontroll over utbrot, og denne typen undersøkingar bør derfor tilbydast ved alle helseføretaka  i regionen.

Tiltak 25

Helseføretaka skal gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalysar av opningstider og bemanning på kveldstid, i helger og på heilagdagar. HF

Tiltak 26

Klinisk helsepersonell, mikrobiologar og smittevernpersonell må arbeide tettare saman for rask og korrekt informasjonsflyt heilt frå prøven er tatt til resultatet av analysen er ferdig. HF

Tiltak 27

Føretaka må sikre at dei mikrobiologiske laboratoria følgjer den teknologiske utviklinga og at dei har kapasitet til å handtere  eit stadig aukande volum av prøvar, også ved eventuelle utbrot. HF

Tiltak 28

Sjukehuslaboratoria bør bruke mikrobiologisk hurtigdiagnostikk der dette kan bidra til raskare avklaring av smittestatus og redusere ressursbruk til smitteverntiltak (isolering o.a.). ​HF

Tiltak 29

Laboratoria må ha på plass system og teknologi for overvaking som raskt avdekkar endring i førekomst / utbrot. HF/RKS

Tiltak 30

Føretaka bør ha ei nettbasert epidemiologisk oversikt over namngjevne problem-mikrobar (MRSA, VRE, ESBL-produserande bakteriar, Clostridium difficile). HF/RKS

Sist oppdatert 27.10.2023