Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk utstyr, dekontaminering og sterilforsyning

Risikoen for smitteoverføring med medisinsk utstyr skal minimerast gjennom kvalitetssikring av dekontamineringsprosessar, utstyr, kompetanse og sterilforsyning.

​Smittestoff er dokumentert overført mellom pasientar via ureint medisinsk utstyr, til dømes i samband med forureina endoskopiutstyr. Ved innføring av ny behandling eller nye diagnostiske metodar er smittevernutfordringar knytt til utstyr ofte underfokusert. Ifølgje forskrift om medisinsk utstyr er det eit leverandøransvar å anvise metodar for desinfeksjon og reingjering. Det er essensielt at dette blir avklart i ein innkjøpsprosess. Ved innkjøp i dei enkelte føretaka er rutinane ulike for korleis personell med smittevernkompetanse blir tatt med i prosessen.

Moderne medisinsk utstyr er avansert og dekontaminering er blitt ei spesialoppgåve som er komplisert og tidkrevande. Avdelinga som eig utstyret har sjølv ansvar for at utstyret vert handtert rett.  I dag er system- og forvaltningsansvaret for faget dekontaminering utydeleg og fragmentert i mange sjukehus. Sentralisering og standardisering vil nokså sannsynleg innebere ein kvalitetsforbetring av gjenbehandlingsprosessen av slikt utstyr, i tillegg til at det vil lette kontroll- og vedlikehalds-/servicerutinar.  Heile regionen har eit aukande behov for kompetanse innan fagfeltet dekontaminering, dette gjeld både sterilforsyningsteknikarar og sterilforsyningsleiarar, men tilstrekkelig opplæringstilbod for personell som arbeider med reprossessering av medisinsk og kirurgisk utstyr manglar. Det er også få sjukehus i regionen som har nok teknisk personell med kunnskap om dekontamineringsmaskinar og vedlikehald av desse.

Tiltak 31

Før innkjøp av utstyr eller innføring av nye behandlingsmetodar skal det innhentast skriftleg informasjon frå leverandør om korleis utstyret kan reingjerast, desinfiserast og eventuelt steriliserast. Dette må komme tydeleg fram i kravspesifikasjon før anskaffing. RHF/HF

Tiltak 32

Føretak som skaffar gjenbehandlingsutstyr må avklare og sikre at utstyret er kompatibelt med det etablerte systemet for reingjering, desinfeksjon og sterilisering. HF

Tiltak 33

Personell med smittevern-, sterilforsyning- og driftsteknisk kompetanse må vere med i anskaffingsprosessen. HF

Tiltak 34

Kvart føretak/sjukehus må ha ein overordna plan for dekontaminering av medisinsk gjenbruksutstyr, behandlingshjelpemiddel og sterilforsyning. HF

Planen må innehalde:

  • ​Retningslinjer for dekontaminering og sterilforsyning
  • Beskrivelse av roller og ansvar
  • Risikoanalyse som verktøy for forbetring av kvaliteten på dekontaminering og sterilforsyning
  • System for dokumentasjon
  • System for internrevisjon av helseføretaket sine rutinar for dekontaminering
  • Plan for opplæring i dekontaminering
  • System for validering av dekontamineringsprosess

Tiltak 35

Føretaket må sikre tilstrekkeleg personell med rett kompetanse innan dekontamineringsfaget HF

Tiltak 36

Vurdere sentralisering av heile eller delar av dekontamineringsprosessen. HF

Tiltak 37

Det må føreligge tydelege retningslinjer for avtaler om/handtering av låneinstrument samt krav til dokumentasjon av reprosessering. HF

Tiltak 38

Elektronisk sporingssystem skal implementerast i alle sterilforsyningseiningar i regionen. HF

​Tiltak 39

Etablere regionalt fagnettverk i sterilforsyning i forbindelse med at Nasjonal kompetansetjeneste for dekontaminering avviklast. HF/RKS

​Nasjonal kompetansetjeneste for dekontaminering​ bistår alle deler av helsevesenet med kvalitetssikring og dekontaminering av medisinsk utstyr. Det er pågåande nasjonale drøftingar for korleis ein skal oppretthalde kompetansen for dekontaminering dersom tenesta avviklast.

Sist oppdatert 27.10.2023