Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Antibiotikaresistente mikrobar og antibiotikabruk

Førekomst av sekundærsmitte for resistente bakteriar i helseinstitusjonar i Helse Vest skal reduserast. Bruk av antimikrobielle midlar skal optimaliserast i tråd med nasjonale mål, for å oppnå god behandlingseffekt med lågast mogeleg risiko for resistensutvikling.

​Regionen vil i åra framover møte aukande utfordringar ved at stadig fleire pasientar er berarar av resistente mikrobar. Infeksjonar med resistente mikrobar medfører auka sjukelegheit, auka risiko for død og auka kostnadar. Dette medfører eit større behov for einerom med eige toalett og isolat på sengepostar og i intensiveiningar, samt auka behov for opplæring av både helsepersonell, pasientar og pårørande, og auka etterspørsel etter laboratorieanalyser samt kompetent helsepersonell til å behandle infeksjonar riktig.  Kunnskapen om resistente bakteriar og kva som er effektive og relevante smitteverntiltak må formidlast til ulike nivå i helsetenesta og befolkninga generelt.

Antibiotika spelar ei nøkkelrolle i dagens pasientbehandling. For at antibiotika også i framtida skal vere ei effektiv behandling mot alvorlege infeksjonssjukdommar, må antibiotikabruken vere riktig og minst mogeleg. Fortset dagens utvikling med aukande antibiotikaresistens, kan vi om kort tid komme i ein situasjon der infeksjonsrisikoen ved å gjennomføre standardoperasjonar som keisarsnitt, hofteoperasjonar og hjartekirurgi blir for stor. Ei slik utvikling vil få store konsekvensar for nordmenns helse.​

Tiltak 15: Oversikt over lokal førekomst av resistente mikrobar skal vera lett tilgjengeleg. HF

Tiltak 16: Utvalde risikopasientar skal undersøkast (screenast) for berarskap av antibiotikaresistente bakteriar etter tilråding i nasjonale og lokale retningslinjer og anbefalingar. HF 

Tiltak 17: Sjukehusa skal ha tilgang til rask og sikker diagnostikk av antibiotikaresistente bakteriar. HF

Tiltak 18: Regionalt kompetansesenter skal sikre oppdaterte felles regionale anbefalingar for handtering av pasientar med antibiotikaresistente bakteriar når nasjonale anbefalingar ikkje føreligg. RKS

​Tiltak 19: Sjukehusleiinga skal bidra til at gjeldande nasjonale mål for reduksjon av antibiotikabruk nås. HF

Tiltak 20: Kvart einskilde helseføretak skal etablere antibiotikastyringsprogram med konkrete mål og tiltak for eigen antibiotikabruk. HF

Tiltak 21: Nasjonalfagleg retningslinje for antibiotikabruk i spesialisthelsetenesta må implementerast i føretaka. HF

Tiltak 22: Etablere samhandlingsrutinar med kommunehelsetenesta som sikrar at kjent eller mistenkt smitte ikkje forsinkar diagnostikk, behandling eller utskriving. HF/RKS

Tiltak 23: Helseføretaket skal sikre involvering av smittevernpersonell i antibiotikastyringa og  representasjon i antibiotikateamet. HF

​Tiltak 24: Regionalt kompetansesenter følgjer opp oppdraget i Nasjonal handlingsplan mot antibiotikaresistens i helsetenesta om bistand i arbeidet med antibiotikastyring til sjukeheimar og sjukehus i regionen. RKS

Alle sjukehus i Norge skal ha eit antibiotikastyringsprogram. Regionalt kompetansesenter har samla informasjon og verktøy knytt til antibiotikabruk i Helse Vest​. ​​

Pasientinformasjon om antibiotikaresistente mikrobar og prøvetaking

Sist oppdatert 27.10.2023