Regionalt tverrfaglig fagnettverk innan habilitering i Helse Vest
Regionalt fagnettverk innan habilitering i Helse Vest er eit nettverk for habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og habiliteringstenesta for barn og unge (HABU).
Nettverket skal bidra til kunnskapsbasert praksis innan pasientbehandling og likeverdige helsetenester innan spesialisert habilitering i Helse Vest. Fagnettverket skal jobbe saman om felles oppgåver som angår kvalitetsforbetring og utvikling av fagtilboda ved tenestene. Nettverket skal sjå til Regional plan for habilitering og rehabilitering og andre overordna føringar som til ein kvar tid gjeld.
Deltakarar i fagnettverket
Sist oppdatert 14.07.2023