Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Raskare tilbake blir lagt om frå 1. januar 2018

Omlegginga er ein overgang frå prosjekt til drift.

Publisert 03.01.2018

Raskare tilbake-ordninga har vore eit prosjekt basert på årlege bevillingar. Frå 2018 skal tilbod med gode resultat bli vidareført eller oppretta innanfor det ordinære pasienttilbodet. Det skal i hovudsak dreie seg om arbeidsretta behandlingstilbod innanfor muskel/skjelett og psykisk helse.

Målet med omlegginga er eit meir likeverdige tenestetilbod. Dei same ordningane og retningslinjene som gjeld for andre pasienttilbod, skal også gjelde for det arbeidsretta tilbodet som blir vidareført/oppretta etter Raskare tilbake.

Det omfattar mellom anna rettigheitsvurdering av tilvisingar og fritt behandlingsval.

For meir informasjon visar vi til Helse Vest sine sidar om  Helse og Arbeid og til Helsedirektoratet  sine sidar om omlegging av Raskarae tilbake.