Prosjektrapport frå prosjektet: Ambulante tenester og tidleg støtta utskriving

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering har leia prosjektet: Ambulante tenester og tidlig støtta utskriving. Prosjektet er no avslutta og prosjektrapport er levert til styringsgruppa.

​I tråd med overordna nasjonale føringar, har Helse Vest RHF initiert eit regionalt prosjekt om Ambulante tenester og tidleg støtta utskriving innan rehabilitering medrekna bruk av telemedisin og velferdsteknologi.

Prosjektet har vore leia av Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Prosjektgruppa har hatt representantar frå alle Helseføretaka (HF-a) i regionen, seks kommunar, private ideelle institusjonar, private rehabiliteringsinstitusjonar, brukarar og konserntillitsvald. Prosjektperioden har vore frå november 2016 til desember 2017.

Hovudmålet for prosjektet har vore å foreslå modellar for bruk av ambulante tenester og tidleg støtta utskriving for pasientgrupper som har motteke rehabilitering i spesialisthelsetenesta.

Les heile rapporten (pdf)