Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fritt behandlingsval for habilitering og rehabilitering frå 1. juli.

Frå 1. juli blir private rehabiliteringsinstitusjonar, som har avtale med dei regionale helseføretaka, ein del av ordninga fritt behandlingsval.

Publisert 28.06.2017
Sist oppdatert 13.07.2017
Det betyr at pasientar med tilvising til undersøking eller behandling i spesialisthelsetenesta, har rett til å velje behandlingsstad, også innanfor habilitering og rehabilitering. Alle tilbod ved offentlege behandlingsstader, private med avtale og private med godkjenning skal visast med ventetider på https://helsenorge.no/velg-behandlingssted


Les meir

Pressemelding frå Regjeringa: Pasienter kan fritt velge sted for rehabilitering

Informasjon frå Helsedirektoratet