Forsking i rehabilitering
Studien «Rehabilitering kohort vest» (REKOVE) er planlagd og vert gjennomført i samarbeid mellom Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering og Universitetet i Bergen, Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Studien er blant dei største innan rehabilitering i Norge , og har følgt i underkant av 1000 pasientar i tidsrommet 2015 – 2018. Studien har mellom anna undersøkt pasientanes helse og funksjon før og etter rehabilitering i privat rehabiliteringsinstitusjon, og teamfunksjonar blant helsepersonell ved desse institusjonane. REKOVE har så langt resultert i to Ph.D. gradar og tredje doktorgradsprosjekt starta opp i januar 2020. Dette prosjektet, som studerer oppfølgingsdata frå REKOVE-studien, skal undersøke endring av helse og funksjon hos rehabiliteringspasientane over tid. Forventar prosjektavslutning 2024.
For meir informasjon vises til publikasjonar knytt til REKOVE-studien: