Forsking i habilitering

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering har, gjennom mandat frå Helse Vest RHF, utarbeidd forskingprogram for habilitering i Helse Vest. 

Forskingsprogram for habilitering i Helse Vest, 2009 (pdf)

Programmet er forankra i spesialisthelsetenesta i regionen, og det er eit mål at forskinga skal gå føre seg i samarbeid på tvers mellom fag, einingar, nivå, sektorar og brukarar. 

​Etablering av Regionalt forskingsnettverk for habilitering er eit av tiltaka i Forskingsprogram for habilitering i Helse Vest. Nettverket vert drifta av Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Frå 2012 er tiltak i nettverket fulgt opp gjennom Norsk akademi for habiliteringsforskning.

Norsk akademi for habiliteringsforskning

I perioden 2010 - 2014 lyste kompetansesenteret ut årlege korttids stipend som ledd i utvikling av kvaliteten på tenester innan habilitering.
I perioden kom det det inn til saman fem søknadar. To av dei blei innvilga (2010).

Relaterte lenker

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.