Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En tegneserie av en person

Psyken

Meistringsprogrammet Psyken er laga for deg som opplever psykiske plager, og ønsker å lære korleis du kan meistre plagene dine.

Gå til psyken.no

Om Psyken

Vi har alle forskjellige måter vi møter verda, og vi har alle forskjellige erfaringar. Det er derfor uendeleg mange grunner til at vi kan ha ein psykisk plage. Målet med Psyken er å kunne jobbe med å redusere psykiske plager her og no, og for å hindre at vi gjentar mønster som fører oss tilbake til det same vanskane. 

Psyken er eit meistringsprogram og består av 5 modular. Første steg endring er ein generell modul som vi anbefaler deg å starte med. Du vel så kva for ein modul du ønsker å jobbe vidare med.
 
 
 
 

Kven er Psyken laga for?

Psyken er laga for deg som opplever psykiske plager, og ønsker å lære korleis du kan meistre plagene dine. Innhaldet er skrive for å vere nyttig for dei fleste vanlege psykiske plager.

Les meir om meistringsprogrammet Psyken
En gruppe mennesker i klær

Korleis bruke Psyken?

Meistringsprogrammet Psyken har fem delar. Kvar del handlar om eit eige tema. Kvar del har som mål å gi deg informasjon, teknikkar og øvingar som kan hjelpe deg med å meistre kvart tema. Alle menneske er ulike. Vi har derfor forsøkt å skrive Psyken slik at du kan velje rekkefølga på temaa, alt etter kva som passar for deg. 

Det første steget er likevel likt for alle: Første steg - endring.

Les meir om dei ulike delane i Psyken
Ikon

Kven er vi?

Meistringsprogrammet Psyken er laga gjennom eit samarbeid mellom personar med pasienterfaring, psykologar, leiarar ved distriktpsykiatriske senter og tilsette med kompetanse innan digitalisering. 

Les meir om kven som står bak Psyken
Ikon
Sist oppdatert 22.04.2024