Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Verdisaker

Vi rår deg til å la verdisakene dine ligge igjen heime.

Dersom du likevel har med deg kontantar og verdisaker, kan du be om at avdelinga oppbevarer desse i sjukehusets verdiposar. 

Verdiposen er ein A4-pose i plast med sikringslukking, som ikkje kan opnast utan å sette spor. Posen har eit eige registreringsnummer.

Trygg oppbevaring ved akutt innlegging

Dersom du blir akutt innlagt, kan det hende du har med deg verdisaker av litt større verdi. Verdiposar med innhald verd kr. 10.000 eller lågare følger deg til den avdelinga som du skal vere på. Dersom verdien er på meir enn kr 10.000 blir posen levert til Hospitaldrift sikkerheit for oppbevaring i safe der.

Kvar pasient skal berre ha ein verdipose

Kontantar og verdisaker blir lagt i posen, og ein kopi av registreringsskjema blir lagt i lomma til verdiposen. Både du og mottakande avdeling får kvar sin kopi av registreringsskjemaet.

Verdiposen blir oppbevart på ein sikker stad i avdelinga.

Dersom du ønskjer å ta ut delar av innhaldet i verdiposen, men ønskjer vidare deponering av resten, må ein bruke ny verdipose og nytt registreringsskjema. 

Ansvarsforhold

Den avdelinga som bruker og oppbevarer verdipose for pasientane sine, har også ansvar for verdiane som er deponert i posen.

Hospitaldrift sikkerheit har ansvar for verdiposar med innhald som er verdt over kr. 10 000 og som blir oppbevart i  deira safe.​

Merk: Sjukehuset dekker ikkje forsvunne eigendelar som pasientar ikkje har overlevert til oppbevaring i verdipose.

Sist oppdatert 06.07.2023