Frisør

I 3. etasje i Sentralblokka finn du frisøren TOPS Apollo senter. Frisørsalongen er open for både pasientar, pårørande, tilsette og andre.

TOPS Apollo senter har i mange år drive frisørverksemt med spesialfelt innan parykkar og hårerstatningar. Alle våre tilsette er frisørutdanna og dei fleste har spesialutdanning innan desse felta.

Vi har også utdanna trikologar som er spesialistar innan hår og problem med hovudbotn. Denne erfaringa og kompetansen finn du i vår salong og parykkstudio på sjukehuset. Frisørsalongen har eiget parykkstudio der ein kan sitje i fred og ro med ein parykkspesialist. Skulle de ønskje å ha med ein følgjeperson, er dei sjølvsagt også velkomne. Våre tilsette blir kursa jamnleg - både i Noreg og i utlandet.

Frisørsalongen er open for alle - pasientar, pårørande og tilsette, og er tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Dersom det er vanskeleg for deg som pasient å kome til oss i salongen, kjem vi sjølvsagt til de.

Opningstider 

Måndag til fredag: 09.00 - 17.00. 
Laurdag og søndag: Stengt

Kontakt

Telefon: 55 55 85 54
E-post: post@tops.no
Adresse: Jonas Lies vei 65, 5021Bergen

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.