Strategi for førebyggjande og helsefremjande arbeid

Haukeland universitetssjukehus skal bidra til å betre folkehelsa og førebyggje sjukdom ved å vere helsefremjande i all si verksemd. Pasientar og pårørande skal møte tilsette som evner å integrere førebygging og helsefremjing i arbeidet sitt.

Mål i strategien  

Førebyggjande og helsefremjande tiltak skal optimalisere behandling, redusere komplikasjonar og fremje helse og livskvalitet hos pasientane.
 
Haukeland universitetssjukehus skal utnytte moglegheitene til å fremje folkehelse gjennom forsking, kompetanseutveksling og ved å vere førebyggjande og helsefremjande i all si verksemd. 

Haukeland universitetssjukehus skal vere ein helsefremjande arbeidsplass.


Strategi for førebyggjande og helsefremjande arbeid (pdf) 

Innsatsområder

Med bakgrunn i føringar, identifiserte utfordringar og føretaket sin kompetanse, ressursar og moglegheiter, skal strategien gi retning for Haukeland universitetssjukehus sin innsats innanfor førebygging og helsefremjing både på individ- og systemnivå.
 
Dei områda som blir løfta fram i denne strategien rettar seg inn mot:

  • Levevanar
  • Rettidig behandling
  • Reduksjon av behandlingspåført sjukdom og skade
  • Kompetanseutveksling
  • Forsking og innovasjon
  • Datamateriale og medisinske register
  • Helsefremjande profil
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.