Kopi av pasientjournal
Pasienten har rett til å få kopi av journalen sin. Dersom du ønskjer kopi av journalen din må du fylle ut følgjande skjema:
Førespurnad om utskrift/kopi av pasientjournal (helsenorge.no)
Kopi av journalen din blir sendt deg med vanleg post.
Opplysningar via e-post
Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Vi har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende kopi frå pasientjournalen din på e-post.
Dersom innhaldet i e-posten er av ein slik art at det må handterast som ei eiga sak, vil e-posten bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår. Saksbehandlinga skjer ikkje alltid raskare sjølv om saka er sendt via e-post.
Retting/sletting i pasientjournal
All pasientbehandling skal dokumenterast i ein pasientjournal. Pasienten har rett til å be om retting og/eller sletting i journalen sin.
Dersom du ønskjer å rette og/eller slette noko i journalen din må du fylle ut følgande skjema:
Krav om retting/sletting i pasientjournal (pdf)
Kravet skal sendast til:
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Drift/teknisk divisjon
Dokumentasjonsavdelinga
Postboks 1400
5021 Bergen
Opplysningar via e-post
Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post, men eposten må innehalde fullt namn og adresse. Vi har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende kopi frå pasientjournalen din på e-post.
Dersom innhaldet i e-posten er av ein slik art at det må handterast som ei eiga sak, vil e-posten bli registrert og saksbehandla i saksarkivet. Saksbehandlinga skjer ikkje alltid raskare sjølv om saka er sendt via e-post.
Sperring for innsyn i elektronisk pasientjournal
Du kan be om å få sperra heile eller deler av den elektroniske pasientjournalen din etter pasient- og brukerrettighetsloven § 5-3.
Last ned skjema for krav om sperring av elektronisk pasientjournal:
Skjema for krav om sperring av elektronisk pasientjournal (pdf)Send utfylt skjema til:
Helse Bergen HF
Dokumentasjonsavdelinga
Postboks 1400
5021 Bergen
Utskrift av logg frå pasientjournal
Du kan be om å få utskrift av logg som viser kven som har hatt tilgang til den elektroniske pasientjournalen din.
Elektronisk skjema for krav om innsynslogg
Informasjonsside om pasientjournal og rett til innsyn
Elektronisk skjema for begrunnelse for journaloppslag
Ein slik førespurnad skal vere skriftleg og må innehalde følgande opplysningar:
Namn
Adresse
Fødselsnummer (11 siffer)
Periode for utskrift (dato frå - til)
Det vil ikkje gå fram av pasientjournalen at ein pasient har fått utskrift av loggen.
Send den skriftlege førespurnaden til:
Helse Bergen HF
Dokumentasjonsavdelinga
Postboks 1400
5021 Bergen
Kva får pasienten ikkje sjå på nett?
Her finn du oversikt over dokument som førebels ikkje vil vere tilgjengelege for pasienten på nett via https://helsenorge.no/min-helse.
Lista vil endre seg etterkvart som ein får avklart det juridiske og faglege rundt kvart dokument. Det gjeld til dømes:
‐ Psykologiske testar
‐ Rettspsykiatriske dokument
‐ Laboratoriesvar/prøvesvar frå andre fagsystem, som blir automatisk godkjent ved import i DIPS
‐ Miljønotat innan psykisk helsevern
‐ Diverse dokument frå psykisk helsevern barn
‐ Komparentopplysningar
I tillegg har behandlar moglegheit til å nekte pasienten innsyn i journaldokument, jamfør Pasient- og brukerrettighetsloven § 5-1.