Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kontaktlege

Alvorleg sjuke pasientar får eigen kontaktlege på sjukehuset. Ordninga skal sikre betre koordinering av helsetenester til denne pasientgruppa.

Det overordna målet er at pasientar og pårørande skal føle seg trygge og godt tekne i vare på sjukehuset. Ordninga gjeld både innanfor somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling for ruslidingar.

Kontaktlegen har det faglege ansvaret for at pasienten får eit heilskapleg behandlingsløp så lenge han eller ho er innlagd, eller går til oppfølging, ved sjukehuset. Kontaktlegen skal gi informasjon til pasienten, vere tilgjengeleg for spørsmål og ha ei rolle i behandlingsteamet. Ansvaret til dei andre legane som er involvert i pasientforløpet blir ikkje endra av ordninga.

Pasienten vil fortsatt møte fleire legar undervegs, men pasienten og dei pårørande skal føle seg trygge på at det er éin lege som har eit særleg ansvar for dei, seier Pål Iden, assisterande fagdirektør i Helse Vest.

Kven skal ha kontaktlege?

Kontaktlegen kjem i tillegg til det ordinære behandlingsapparatet. Kontaktlegeordninga er særleg aktuell for pasientar med alvorlege og uavklarte tilstandar under tverrfagleg utgreiing, eller ved tverrfagleg behandling og oppfølging.

Ved vurderinga om pasienten har rett til kontaktlege blir det lagt vekt på at tilstanden gir risiko for alvorleg funksjonsnedsetting, invaliditet eller tap av viktige kroppsfunksjonar. Både fysiske og psykiske følgjer av tilstanden skal leggjast vekt på.

Nasjonal rettleiar

Det er utarbeidd ein nasjonal rettleiar for organisering av kontaktlegefunksjonen. Rettleiaren er utarbeidd i samarbeid med representantar frå Pasient- og brukaromboda, Norsk Psykologforening, Legeforeningen, Kreftforeningen, fastlegane og dei regionale helseføretaka.

Sist oppdatert 31.05.2023