HELSENORGE

Klage

Du har rett til å klage om du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har mottatt dei helse- og omsorgstenestene du har krav på. Pårørande kan óg ha klagerett.

Dersom du meiner at pasientrettane dine ikkje er oppfylte, oppfordrar vi deg til å ta det opp med den aktuelle avdelinga eller eininga så fort som råd. ​Slik kan dei vurdere om noko må gjerast annleis. Formelle klager skal vere skriftlege.​​


I dei tilfella der avdelinga har vurdert saka di på nytt og ikkje endrar avgjersle, skal avdelinga sende klagen vidare til Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) utan unødig tidsbruk.

Les meir om retten til å klage på helsenorge.no​

Pasient- og brukarombodet

Ombodet kan gi deg meir informasjon om pasientrettar og / eller hjelpe deg ved klage på helsetenesta eller søknad om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Det er gratis å få hjelp frå Pasient- og brukarombodet.

Kontaktinformasjon

Pasient- og brukarombodet i Hordaland

Telefon:55 21 80 90
E-post: hordaland@pobo.no
Adresse: Vaskerelven 39, 5014 Bergen

Statsforvaltaren i Vestland

Telefon: 57 64 30 00
E-post: sfvlpost@statsforvalteren.no
Besøksadresse: Statens hus, Kaigaten 9, 5015 Bergen
Postadresse: Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Fann du det du leita etter?