Endre eller avbestille time

No kan du sjekke timeavtalene dine og skrive meldingar til avdelinga du har time hos på nett.

I tillegg til å sjå timen din kan du  sende ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ønskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar. 


Logg deg inn for å​

  • Få oversikt over dine timeavtalar
  • Sende ei melding til avdeling du har time hos (ikkje røntgen)
  • Sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)


Logg inn


Innsyn for pårørande

Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, kan du  også få innsyn i timane deira. Du logger deg inn på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velje namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalene til barnet.

Fortsatt brev i posten

Denne sida vil ikkje enno erstatte innkallingsbrevet som du får i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møte, ta kontakt med ein gong. Du må rekne lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.