HELSENORGE

Lytteposten

Har du noko du har lyst til å fortelle oss? Noko du er nøgd eller misnøgd med? Då kan du kontakte Lytteposten.

​​​​​​​​Dette er eit tilbod til pasientar og pårørande som ønskjer å gi ei tilbakemelding om korleis dei har opplevd møtet med sjukehuset. På den måten kan vi få viktig informasjon som vi kan lære av og bruke i vidareutviklinga av tilbodet til pasientar og pårørande.

Kva for saker kan du melde til Lytteposten? 

Det kan vere alle typer saker, både saker som gjeld sjukehuset sitt servicetilbod og korleis pasientane og dei pårørande blir møtt som medmenneske. 

Lytteposten skal vere eit supplement til dei eksisterande tilbakemeldingskanalane for alvorlege klagesaker.

Seksjon for pasientsikkerheit og Pasientombodet er framleis rett adressat for dei alvorlege sakene.

Men vi veit av erfaring at mange pasientar og pårørande opplev ting dei ønskjer å fortelle om sjølv om det ikkje er av ein karakter som gjer at det må skrivast ei formell klage til sjukehuset. Alle tilbakemeldingar blir registrerte, og avdelingane på sjukehuset får tilbakemelding om saker som gjeld dei ulike avdelingane.

Vi håper at alle som tar kontakt vil stå fram med navn, men det er mogleg å vere anonym dersom ein ønskjer det.

Har du ein idé til korleis Haukeland kan bli betre kan du ta kontakt med idémottaket​.
 

Korleis ta kontakt? 

Lytteposten har telefonnummer 958 90 555, og telefonen er betjent tirsdag og torsdag kl. 11.00-15.00. Men det er sjølsagt mogleg å ringe til andre tider og legge igjen beskjed på telefonsvararen. Då vil vi forsøke å ringe tilbake så raskt som mogleg. 

​Dersom nokon ønskjer å møte opp personleg for å fortelle om sine erfaringar, så let det seg sjølvsagt gjere. Ring oss, så skal vi ordne det.