Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

TOROLF SANDVIK av Sofus Madsen

Etter ein tur til Nordås sist, skal vi denne gongen attende til Haukelands-området og ein litt bortgøymd løyndom.

Publisert 27.06.2019
Sist oppdatert 20.03.2023
Torolf Sandvik
Vi skal til sjølvaste Sofus Madsen og hans bronsebyste av Torolf Sandvik, som står på granittsokkel i bakken opp mot bygget Utsikta, der vanførelagets heim for vanføre på Vestlandet heldt til. Det er mange som ikkje veit at vi har vår eigen Sofus Madsen her på området, men det er endå færre som veit kven Torolf Sandvik var – og han var ingen kven som helst. Derfor først litt om han.

Innskrifta på granittsokkelen lyder:

REDAKTØR TORALF SANDVIK - GRUNNLEGGEREN AV SOLGLIMT OG VANFØREORGANISASJONEN I NORGE

I følge Emma Helene Manin (hovudfagsoppg., sjå kjelder) var han initiativtakar til opprettinga av Vestlandske vanførelag i 1922. Ho skriv:
«Hans innsats medførte oppretting av vanførelag i alle landsdeler i løpet av1920-årene.»

På sokkelen blir òg Solglimt nemnt, dette var eit blad med undertittelen blad for norsk vanføresak, der Sandvik var redaktør. Han skreiv i første nummer (1923) følgande:

«Kan dette lille blad makte å kaste nestekjærlighetens solglimt inn i hjerter og hjem til – om enn bare – en liten del av vårt lands vanføre, vil bladets oppgave være nådd. (…) Det er i dypeste forstand en både human, sosial og kulturell oppgave at disse får kjennskap til det arbeide og de byggende krefter som er i gang i vort land for å hjelpe disse tungt rammede frem til en lysere tilværelse og mest mulig selvstendighet. Jeg ”skammer” meg ikke længer ved å si at jeg selv er en av de meget vanføre. Uten det hadde jeg ikke vovet dette bladforsøk.»

Sandvik kom frå Mathopen (fram til 1972 del av Laksevåg kommune) kor han levde det meste av livet sitt. Han var altså sjølv vanfør (han hadde polio og var bunden til rullestol), og det var også alle dei andre som var til stades då:

Laget begynte «som en susen i korn en sommerdag» ved at ca. 20 vanføre i september 1920 sluttet sig sammen til felles arbeid for saken,
som han sjølv skreiv i Kort oversigt over Vestlandske Vanførelags virke, 1925.
 Det skulle altså gå to år til innan lokallaget fekk eit valt styre, og endå 7 år før den landsomfattande organisasjonen Norges vanførelag vart stifta. (Denne organisasjonen skifta i 1974 namn til Norges Handikapforbund.) I 1938 opna Vestlandske vanførehjem. 
 
Då Sandvik (fødd 1884) døydde i 1940, hadde han altså oppnådd svært mykje, så fekk han òg HM Kongens fortenstmedalje i gull.

Så til kunstnaren. Sofus Madsen (1881-1977) vart fødd i Kristiania, men kom til Bergen allereie som treåring. Med unntak av utanlandsopphald i Danmark, Tyskland og Frankrike var det i Bergen han heldt til, ikkje så langt unna Sandvik-bysten i luftline, nemleg på Kanonhaugen på Landås. Der budde han frå 1917 og fram til sin død seksti år seinare.

Sofus Madsen

Forutan studieopphalda utanlands la Sofus Madsen grunnlaget for si kunstnarbane allereie som ung; ved sida av å gå på målarskule arbeidde han på Ingebrigt Viks rosettfabrikk og treskjerarverkstad.

(Ingebrigt Vik livnærte seg av dette på sin veg og si utvikling til å verte den kjende bilethoggaren vi kjenner han som. Fabrikken leverte m.a. all dekor til Chr. Michelsens Gamlehaugen. Her på Haukeland har vi òg vår eigen Vik – dét verket kjem vi attende til seinare i serien Kunst på Haukeland.)

Sofus Madsens tilhøyrde ein naturalistisk-klassisk bilethoggartradisjon, og
for mange er han nok mest kjent for «Sprinteren» som i årevis har stått utanfor Brann stadion og dessutan hans «Merkur» på toppen av Sundt-bygget.

Torolf Sandvik-bysta, registert som skulptur nr. 91 i registeret hjå Sofus Madsens stiftelse, vart laga i 1934, men reist først i 1940.

Madsens sjølvteikna atelierbygning på Kanonhaugen rommar i dag Sofus Madsen kulturmuseum (sjå lenkje under kjelder).

Om det var med solglimt i augene veit vi ikkje, men for 5-6 år sidan var ein eller fleire rampungar oppe og måla solbriller på Torolf. Bysta vart renovert i oktober 2015, og sett i betre stand enn den var før tilgrisinga. På same tid sørga Kunstutvalet for ein plakett til bysta, då inskripsjonen nedst på sokkelen hadde vorten ganske utydeleg.

Norges vanførelag gjennom 25 år : 1931-1956 / Norges vanførelag, 1956
Rehabiliteringsvirksomhetens historie / Emma Helene Manin, UiO, 2007
Brende,O.R.: Kvardagsheltar i vanførearbeidet. - 1983.
http://www.nhf.no/historien-var
www.sofusmadsen.no/
https://nkl.snl.no/Sofus_Madsen