TIT MOHR - (1917-2008)

Tit Ingegjerd Mohr vart fødd den 6. april 1917 i Kristiania, men kom til Bergen som barn. Foreldra hennar, organisten Svava Ege og rådmann i Bergen, Trygve Mohr, bygde hus i Starefossen, kor Tit Mohr, med unntak av studieopphald andre stader, budde det meste av sitt liv.

 

Vi starter med å sitere avisa Hardanger 13. juni 1981, i forbindelse med ei utstilling på Hardanger Folkemuseum:

Tit Mohr har ei solid utdanning: Bergen Kunsthåndverkskole, Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, Oslo, Statens sløyd- og tegnelandsskole, Notodden, Gabriel Dahls malerskole, Studieatelieret, Bergen, Kunstakademiet i København og Ravenna, Italia.

Her kan vi leggje til at i same tidsrom som ho var elev ved kunstakademiet i Ravenna (1958-60), var ho òg elev hjå mosaikkunstnaren Versinelli i Roma. Mosaikk fulgte òg med på utstillingar i åra som følgde, side om side med målarstykke, skulptur, relieff og biletvev. Så er det også mosaikk som er hovudfokuset i Kunst på Haukeland denne gongen, sjølv om vi på Haukeland òg har i eige fleire Tit Mohr-arbeid – både i Parkbygget og på Haukeland hotell heng det bilete som ho har laga, men denne gongen skal vi konsentrere oss om mosaikkarbeida som er å finne i kapellet på Voss sjukehus.

Altertavla

Altartavla talar sitt tydelege språk, og hentar inntrykk frå fleire stader i Jesus-historia. (h155 cm/b300 cm) (Foto: Øystein Fykse)

Det var som vaksen dame Tit Mohr i 1948 debuterte på Bergensmalernes juleutstilling. Sidan følgde eit langt liv i kunstens teneste; i april 1956 skreiv Rogalands Avis m.a. dette om Vestlandsutstillingen dét året:

Tit Mohr er en av dem vi kjenner lite til her. Men hennes store utkast «Blomster-torvet» nr. 58 virker godt komponert og fint avpasset i den maleriske utnyttelse av bildeflaten. Det måtte vært interessant å se hva hun kunne utrette sammen med en dyktig bildeveverske.

I november 1963 vart både sjukehuset og kapellet på Voss innvigd; kapellet – eit rom med plass til 50-60 personar. Tit Mohr, som har utsmykka både sjukehus og –heimar så vel som kapell forskjellige stader i landet, hadde fått det store oppdraget med å lage både altartavle og portrett av apostlane Johannes og Matteus og evangelistane Lukas og Markus. Mosaikkarbeidet er imponerande, og litt spesielt er det at ho i Lukas’ tilfelle har inkorporert framandlekamar som knappar, korkar og ein hengelås! Det har ikkje lykkast oss å grave fram opplysningar rundt prosessen og korleis mosaikkarbeida har blitt til, men flotte og spesielle er dei, der dei heng nærmast bortgøymde bak låste dører. Her må nemnast: Kapellet er ope for bønesamling kvar onsdag morgon, og ved dødsfall på sjukehuset vert det stundom brukt til minnestund eller gravferd.

Evangelisten Lukas

Evangelisten Lukas – oppe til venstre ser vi tydeleg eit oksehovud; Lukas’ evangelistsymbol er ein bevinga okse. (h108 cm/b62 cm) (Foto: Øystein Fykse)


Symbolikken i Matteus-mosaikken

Symbolikken i Matteus-mosaikken peikar mest sannsynleg på det at legendane om Matteus fortel at han tolv år etter Kristi himmelfart drog mot Egypt og deretter Etiopia, kor han i ei årrekkje misjonerte og preika evangeliet (før han leid martyrdøden). (h108 cm/b62 cm) (Foto: Øystein Fykse)


Tit Mohr var skapande kunstnar like til det siste, og ho hadde utstillingar og bidrog ved ulike høve, som til dømes då Kunstnersamfunnet feira 80 års- jubileum i 2001, og ho stilte ut saman med samtidige Lise Landmark. Mot slutten av livet trong ho hjelp i det daglege og flytta inn hjå Kalfaret sykehjem, der ho fekk eige «atelier» i eit rom tilstøytande til sitt eige. Sidan vart ho flytta til Domkirkehjemmet, kor ho vart buande til ho døydde den 28. juni 2008. I Domkirkehjemmets Hoffsal heldt ho òg si siste utstilling.

ohannes, evangelist og éin av Jesu 12 apostlar – faktisk også ein av Døyparen Johannes’ disiplar – var fiskar før han vart kalla

ohannes, evangelist og éin av Jesu 12 apostlar – faktisk også ein av Døyparen Johannes’ disiplar – var fiskar før han vart kalla til apostel; dette ser vi tydeleg i Mohrs mosaikk. (h108 cm/b62 cm) (Foto: Øystein Fykse)

Etter Tit Mohrs død vart det oppretta eit legat. Frå Legathåndboken.no:

Tit Mohrs legat
Til støtte for utdanning av kunstnere innen bildende kunst og musikk, og til støtte for utøvende, praktiserende musikkinstitusjoner og kor.
Legatets talsperson, Gullborg Toftegaard, kan opplyse om at det til våren vil bli arrangert ei stor salsutstilling med Tit Mohrs bilete – alt for å skaffe pengar til legatet. Pianisten Joachim Carr er eitt eksempel på eit talent som tidleg fekk økonomisk hjelp på vegen frå Tit Mohrs legat.

Kjelder:
Gjerdåker, Johannes (1988). Frå sjukestove til fylkessjukehus : Fylkessjukehuset på Voss 1963-1988. Voss: [s.n.]
Smith, H.Chr. (1979). Billedkunsten i Bergen. Bergen: [Kunstforeningen]
 
https://nkl.snl.no/Tit_Mohr
www.katolsk.no
 
Takk til:
Anna Ringheim Lid, Voss sjukehus, Lise Haaland, Bergen Off. Bibliotek, Gullborg Toftegaard, Tit Mohrs legat.
Januar 2020.
For Kunstutvalget, Haukeland universitetssjukehus - Trond Blom.