Ryttergruppe av Frans Widerberg

Widerbergs (1934-2017) modningsår som kunstner sammenfalt med etterkrigstidens brytning mellom abstrakt og figurativ kunst. I et forsøk på å gå inn i sin egen tid, søkte han bred forankring i tidens litterære, filosofiske og kunstneriske strømninger.

​Då målaren og grafikaren Frans Widerberg byrja ved Statens håndverk - og kunstindustriskole i 1953, var det innan faget bokdesign; sidan vart det Goldsmith's College School of Art, Bergen Kunsthåndverksskole og Statens Kunstakademi. Han braut med samtidas nonfigurative trend, og vart delvis kritisert for dette.

Kunst på veggen

Fineart.no: På slutten av 60-tallet og utover på 70-tallet fikk Widerberg en røffere uttrykksmåte og utviklet sine kraftige primærfarger. Virkemidlene ble sterkere, uttrykket kraftigere, formatet større og figurene mer abstraherte. Det Widerbergske universet ble skapt (…)

Norsk kunstnerleksikon slår fast følgjande:

Widerbergs gjennombrudd skjedde i 1968 da han gjorde ferdig en 15 m lang utsmykning, Ryttergruppe, til vestibylen på Psykiatrisk klinikk, Haukeland sykehus, Bergen, i samarbeide med Dagny og Finn Hald.

Terapibassenget Bus1 med kunstmotiv på vegg

Det er altså det store gjennombrotet til ein av landets mest folkekjære kunstnarar som no har kome til sin rett igjen, der det heng over terapibassenget i BUS1. Ryttarmotivet skulle seinare bli eitt av fleire klare kjenneteikn i Frans Widerbergs kunstverd.

Det 15 meter lange veggrelieffet – glaserte keramiske fliser direkte på betongveggen, vart til i samarbeid med keramikarekteparet Dagny og Finn Hald. Då Psykiatrisk klinikk vart riven i 2011 vart frisen varsamt teke ned og lagra, før det i 2015 vart sett i gang ei omfattande konservering av verket. Den bergensbaserte keramikaren Kjell Johannessen vart hyra til å styre restaureringsarbeidet så vel som oppføringa av verket på veggen over terapibassenget.

Frans Widerberg vart glad då han fekk høyre at verket var bevart, og at det (allereie i 2011) var ein klar plan om kor det skulle få nytt liv. Dessverre fekk han aldri sett resultatet, då han døydde 7. april 2017, same månad som arbeidet vart ferdigstilt.

Svein Bjørkås, direktør i KORO (Kunst i offentlige rom) har sagt om «Ryttergruppe» at:
Verket er interessant fordi det peker framover mot den motivkretsen og det uttrykket vi særlig forbinder med Frans Widerbergs kunst. Det vil utvilsomt kunne fungere som inngang til hans kunstnerskap, ikke minst for et stort antall barn og unge fra Vestlandet.

Nårbilde av kunsten

Frans Widerbergs kunstnarkarriere strakk seg over meir enn 50 år, og han var representert ved utstillingar over heile verda; i 1977 var han festspelutstillar i Bergen.

Frans Widerberg i Norsk kunstnerleksikon: https://nkl.snl.no/Frans_Widerberg

November 2018.
For Kunstutvalet, Haukeland universitetssjukehus, Trond Blom.
(kilde Norsk kunstnerleksikon)