Mor og barn

Kunst på Haukeland

Bronseskulpturen «Moder och barn» av Ivar Johnson (1885-1970) var ei gåve frå det svenske folk til Haukeland og den nye Barneklinikken som opna i 1950.

Ivar Johnsson, fødd i Vittskövle, Skåne, var ein kjend klassisistisk monumentalskulptør og medlem av kunstnargruppa De tolv – ei gruppe kunstnarar frå Skåne som oppheldt seg i Paris tidleg på 1920-talet. Offentlege verk signert Johnsson finst over det meste av Sverige, med særs mange i Stockholm, der han òg er representert i Nationalmuseum.

mor barn statue. foto

 
Monteringa av den 380 cm. høge og rundt eitt tonn tunge gåva skjedde ikkje utan dramatikk. Vi siterer frå Carl W. Janssens bok «Haukeland sykehus – en medisinsk hjørnesten siden 1912» (Eide, 2001):

I november 1949 inntrådte det et litt spesielt uhell, idet statuen «Mor med barn» som står høyt oppe på sydveggen av Barneklinikken, falt ca. 20 meter ned til grunnen under monteringen. Bronsestatuen (…) skulle heises opp til en på forhånd tillaget gesims. Bare noen få centimeter fra gesimsen røk en talje, og statuen styrtet ned gjennom stilaset og rett gjennom taket på heisehuset. Merkelig nok ble statuen bare lettere skadet, og etter å ha vært til reparasjon i Sverige kom den trygt på plass i februar 1950. 
 
Bilete av skulpturen frå Rosengrens metallgjuteris arkiv, før den vart send frå Malmø til Bergen.
 
Det var ikkje berre skulpturen som var ei gåve frå Sverige – heile Barneklinikken var eit resultat av Svenska Norgeshjälpens Frihetsgåva – pengar innsamla til broderfolket heilt sidan 1942, og både byggjekomité og arkitektfirma var svenske; Noreg, som var i ei gjenreisingstid hadde stort sett ikkje anna å bidra med sjølv enn sand, og alt av utstyr og inventar vart sendt frå Sverige, dei sende til og med 40 bygningsarbeidarar til Bergen.
 
Etter 67 år på sørveggen av Barneklinikken vart «Mor og barn» varsamt løfta ned frå gesimsen sin i juni i fjor, men ikkje for å pensjonerast – berre for ein liten ferie medan Barneklinikken vart jamna med jorda, og før statuen den 19. juni 2018 vart gjenreist mellombels på nystøypt, 4 tonn tung, granittsokkel framfor Marie Joys’ hus. Når Barne- og ungdomssjukehusets andre byggetrinn står ferdig i 2023, vil «Mor og barn» få ei ny, fast og framståande plassering. 

på sokkel

Mor og barn på sin nye sokkel, framfor Marie Joys' hus.

Bileta er tekne av Olafur Olafsson og Aleksander Valestrand.
For Kunstutvalet, Haukeland Universitetssjukehus, Trond Blom, juni 2018.