Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gjenbruk av kunst

I Kunst på Haukeland skal vi denne gongen fokusere på gjenbruk av kunst, nærmare bestemt i det nye foajéområdet. Det handlar om kunstnarane Bård Breivik, Gerhard Stoltz, Sigrid Szetu og Liv-Mildrid Gjernes.

Publisert 28.10.2021
Sist oppdatert 08.02.2024
Glasmåleri av Sigrid Szetu. Foto: Øystein Fykse

Glasmåleri av Sigrid Szetu. Foto: Øystein Fykse

​Vi byrjar med dei tre første, Bård Breivik (1948-2016), Gerhard Stoltz (1948-) og Sigrid Szetu (1951-); dei var hyrt til det same prosjektet, nemleg utsmykking av det som den gong vart kalla den nye vestibylen, eller ankomsthallen, i 1994. Den indre delen vart i prosjektutgreiinga kalla «Torvet», medan gangvegen gjennom parkeringsanlegget, mot trappa ned til sjukehusparken vart kalla for «Løperen». I dette området fekk Breivik og Stoltz i oppgåve å smykke ut både belegning og søyler og krydre med frittståande skulpturar.

For å ta det siste først: dei «lause» gjenstandane sto Breivik for, men prøv berre å flytte på dei, dei er steintunge, i ordets rette meining, digre som dei er, og alle laga i svart granitt (diabas). Det var steinskulpturar av ulik utforming, ute m.a. obeliskar, diverse blokker, ein stol, lykter – og inne: to «assyriske hunder» 60 cm høge og om lag 250 cm lange, i tillegg til to svære granittkolossar kalla «skamler» i prosjektutgreiinga, med fire bein og flat topp.

Ein av Bård Breiviks to Assyriske hundar. Foto: Øystein Fykse

Ein av Bård Breiviks to Assyriske hundar. Foto: Øystein Fykse

​Dei to hundane fungerer no både som kunst og som benkar på kvar si side utanfor inngangen til det nye foajéområdet.


Den eine av dei to skamlane er plassert i eit nytt rom i foajéområdet, til bruk for pårørande som av ulike grunnar treng å trekke seg litt attende frå «Torvet», eller «Torgallmenningen», som vi brukarane av i dag kallar samansmeltinga av den gamle og den nye foajéen. Den andre skammelen, «tvillingen», med mål på h107x52x42, vart stygt skada under ei flytting for fleire år sidan (alle beina var knekt og bitar skalla av).

Ein av Bård Breiviks to skamlar, før restaurering. Foto: Trond Blom

Ein av Bård Breiviks to skamlar, før restaurering. Foto: Trond Blom

Alt vart plassert på ei palle i Sentralforsyninga sin kjellar. Kunstutvalet prøvde gjentekne  gonger å kome i kontakt med kunstnaren før han døydde, men fekk ikkje svar; vi ville vite om dette var noko som kunne reparerast eller ikkje. Då tok vi kontakt med steinhoggarmeister Svein Olaf Eikner, som kom og tok det øydelagde granittkunstverket i augesyn og konkluderte med at dette kunne fiksast! Han fekk henta bitane og frakta det til verkstaden (Eikner naturstein på Ulsmåg), kor dei tilpassa, bolta, limte, pussa og restaurerte verket. I januar i år kom dei med det og plasserte det på anvist plass ute i (det gamle) foajéområdet. Ei ny plassering, men framleis i dét området den var tiltenkt og plassert for snart 30 år sidan. 

Same skammelen etter restaurering Foto: Øystein Fykse

Same skammelen etter restaurering Foto: Øystein Fykse

Dette bringer oss over til Gerhard Stoltz, som sto for det ruteforma mosaikkdekket både i «vestibylen» og på gangvegen utanfor. Han sto òg for gullbelegg på betongsøyler med små støypejarnsrelieff langs gangvegen. Mosaikkdekket inne i foajéen har vorte slitt gjennom åra, og spesielt fugene har vorte delvis restaurerte.

Den tredje kunstnaren som var involvert i dette 1994-utsmykkingsprosjektet var Sigrid Szetu; ho bidrog med ikkje mindre enn åtte store og fargerike glasmåleri (ca h245cm/b170-190cm).

Glasmåleri av Sigrid Szetu. Foto: Øystein Fykse

Glasmåleri av Sigrid Szetu. Foto: Øystein Fykse

Fire av desse verka står ved sida av kvarandre vis-à-vis resepsjonen, 
ut mot rundkøyringa i sør. Dei fire andre var plassert tilsvarande mot rundkøyringa i nord. Dette området er no omgjort til "det nye foajéområdet" med Pasientbiblioteket, Pasientreiser og kontor. Deler av desse glasveggane er bevart på begge sider av inngangen til det nye området, og to av glasmåleria står der dei stod før (mot apoteket), mens to er flytta på: eitt snudd på langs og brukt i Pasientbiblioteket, eit anna brukt som vindauga inn til det nye opphalds-/stillerommet for pårørande, der ein av Bård Breiviks skamlar er plassert.

 
Kunstnaren sjølv var innom på synfaring i fjor haust og var særs nøgd både med nye plasseringar og ikkje minst med det faktum at kunsten faktisk vert gjenbrukt. 


Så til noko heilt anna, for gjenbruken stoggar ikkje der. Inne i Pasientbiblioteket, heilt nord i det nye foajéområdet, har nemleg ein særprega treskulptur, signert Liv-Mildrid Gjernes (1954-), funne vegen. Den er datert 1984, altså frå ei utsmykking som hadde gått føre seg ti år tidlegare enn den i «vestibylen», nemleg den omfattande utsmykkinga av heile den nye Sentralblokka (ferdigstilt året før).

Liv-Mildrid Gjernes’ treskulptur. Foto: Øystein Fykse

Liv-Mildrid Gjernes’ treskulptur. Foto: Øystein Fykse

​Gjernes hadde tre ulike treskulpturar hengande på ulike korridorveggar i blokka, ulike i farge og utsjånad, men temmeleg like i forma: avlange veggtavler (b25-30 cm/h165-172 cm), med dørar som kan opnast.
 
I oktober 2018 fekk kunstutvalet eit tips om at den eine skulpturen, som hang ved inngangen til Patologisk avdeling i 1. etasje, var særs medteken og skada etter det som verka som fleire påkøyrslar eller dultar frå senger eller andre rullande farkostar opp gjennom tida. Kunstutvalet henta inn kunstverket og kunne med eigne auge sjå at det var mykje som hang på halv åtte, og dessutan konstatere at det låg utanfor vårt kompetanseområde å reparere det. 
 
«Så lenge det spinn liv, sei ikkje aldri». Foto: Øystein Fykse
«Så lenge det spinn liv, sei ikkje aldri». Foto: Øystein Fykse
Vi fann ut at kunstnaren sjølv, Liv-Mildrid Gjernes, faktisk oppheldt seg i Bergen, no som professor ved Høgskulen på Vestlandet. Kontakt vart oppretta, og Gjernes kom og såg på elendet. Ho stadfesta kjapt at det nok kunne setjast i stand, men at ho måtte gjere det sjølv. Pasientverket vart frakta til verkstaden hennar på skulen, og kostnadsfritt (for oss) fekk ho pusta nytt liv i det.
 
Så då det nye Pasientbiblioteket opna i vinter, var det med den koboltblå veggtavla sentralt plassert i lokalet. Som før skrive kan tavledørene opnast; når ein gjer det blir ei ny tavle openberra  – denne i gull og gult, med den innrissa teksten: «Så lenge det spinn liv, sei ikkje aldri».
 
Dette er med på å gjere det ekstra stas å ha dette praktfulle verket hengande nett i biblioteket, for sitatet er frå heile Noregs diktarhøvding, Olav H. Hauges omsetjing av Bertolt Brechts dikt «Lob der Dialektik» («Til dialektikkens pris», Dikt i umsetjing, 1982)  – og, som om ikkje dét var nok – kunstnaren hadde innhenta løyve frå diktaren til å bruke sitatet i kunstverket. O.H. Hauge døydde, som kjent, ti år seinare.
 
For Kunstutvalet, Haukeland Universitetssjukehus
Trond Blom, oktober 2021