Frå byrjinga av 1800-talet vart sjukehuset kalla Bergens civile Sygehus, for å skilje det frå det militære hospitalet i byen, seinare vart namnet Bergens kommunale Sygehus Eller berr e Bergens Sygehus. Drifta av sjukehuset vart fram til 1792 finansiert frå fattigkassene i byen. Først mot sluten av 1800-talet vart sjukehuset teke ut av fattigvesenet og organisert som ei kommunal verksemd.
I 1863 skreiv overlege Jens Andreas Holmboe om sjukehuset at det var "aldeles uhensigtsmæssigt og næsten ubrugeligt og ga et saa ynkeligt, fattig og sjofelt Præg, at det hele Anlæg gjorde et lurvet, ja næsten væmmeligt Indtryk." Han foreslå å byggje eit heilt nytt sjukehus, på Nygård.
Haukeland 1890. For fleire bilder frå tida før 1912 kan du sjå album på Flickr
Vegen fram til det nye sjukehuset på Haukeland var lang og krunglete og gjekk via to kommunale komitear. I møte i formannskapet 22. juni 1899 vart det endeleg vedteke å byggje nytt sjukehus på Haukeland og 6. mai 1907 vart planer og budsjett i tråd med arkitekt Victor Nordans prosjektforslag vedteke.
I heile perioden auka aktiviteten ved det gamle sjukehuset i byen stadig, det same gjorde talet på pasientar. I 1905 fekk sjukehuset eit røntgeninstitutt og i 1907 kom den første kvinnelege legen. I 1911 vart det innlagd heile 1479 pasientar ved sjukehuset, det vart gjennomførd 665 operasjonar, gitt 555 narkosar og utført 100 obduksjonar.
Det endelege vedtaket om bygging av sjukehuset kom 6. mai 1907. Budsjettet for bygginga av Haukeland sjukehus i perioden 1908–1912 var på kr 1 526 000 kr. Det vart brukt kr 9 411 kr. mindre.
Historisk tidslinje for sjukehuset
1912
2. januar i 1912 opna Haukeland sjukehus dørene for dei første pasientane. Frå 17. januar var det nye sjukehuset i full drift, derfor reknar vi 17. januar som sjukehuset sin eigentlege bursdag.
Ei rekkje bygg vart tekne i bruk i 1912. Det som i dag vert kalla Gamle hovudbygning husa Medisinsk og Kirurgisk avdeling, medan «Gamle Gade» husa Patologisk anatomisk laboratorium.
Seinare same år sto bygningen som i dag heiter Administrasjonsbygget klar, denne heit Økonomibygget og her fanst mellom anna vaskeri og kjøkken.
Epidemiavdelinga besto av to bygningar, den eine er i dag riven, og i tillegg hadde sjukehuset eit eige bygg kalla Post H. Denne bygningen vart brukt for å isolere og observere uklare epidemitilfelle, i dag er det planar om å gjere den om til museum. Da sjukehuset opna i 1912 hadde det 250 senger og følgjande avdelingar:
- Epidemisk avdeling
- Medisinsk avdeling
- Kirurgisk avdeling
- Patologisk anatomisk laboratorium (Dr. Med. F. G. Gades Path. Institut, seinare Gades institutt)
- Administrasjon, vaskeri, kjøkken, telefonsentral, portørteneste og Teknisk avdeling
I tillegg omfatta sjukehuset drifta av Lundegaardshospitalet som mottok tuberkulosepasientar og andre kronisk sjuke og Haukeland Sykehus Sykepleieskole (tidlegare Bergen Kommunale Sygepleieskole som opna formelt 1. juli 1908).
Haukeland var eit lokalsjukehus for Bergen og det var kampen mot infeksjonane som hadde hovudfokus. I opningsåret behandla Epidemisk avdeling til dømes heile 1012 difteripasientar.
I desse åra var det framleis epidemiane som i stor grad dominerte biletet. Talet på difteripasientar haldt seg høgt, og i slutten av 20-åra kom ein stor epidemi med skarlagensfeber. Tilfella av tyfus og tyfoid var mange dei første åra, men talet sank etter 1917-1918. Spanskesjuken raste i 1918 og 1919, 825 pasientar var innlagd med influensa dette året og 154 av dei døde.
Haukeland i 1915.
Fleire bilder frå tidsepoka 1912-1919
1918
Kanalgangen frå Hovedbygningen til Økonomibygningen sto ferdig og transport av mat og tøy kunne nå gjerast innandørs. «Det var en glimrende forbedring for det hadde ofte vært stridt, særlig om morgenen, for oss søstre å gå over til spisestuen i all slags vær, kulde, sne, regn og blåst», skriv Marie Joys i si bok Erindringer.
1923
Vestfløyen til Hovedbygningen sto klar 1. oktober med plass til kirurgiske senger og nokre senger for indremedisin.
Barnestova, epidemisk avdeling, 1920-åra.
Fleire bilder i perioden 1922-1933
1924
Påbygging av Hovedbygningen mot nord sto ferdig og Røntgenavdelinga flytta inn i grunnetasjen.
1926
Kvinneklinikken opnar 22. februar og i 1926 så 826 nye bergensarar dagens lys på den nye Kvinneklinikken. Dette var ei kraftig auke frå åra tidlegare då talet på fødslar hos Fødselsstiftelsen låg omkring 500 i året, men framleis var heimefødslar det vanlege. Kvinneklinikken vart også utstyrt med ei operasjonsavdeling og det vart utført to vellukka keisarsnitt det første året.
1930
Planlegging av ei større utviding av sjukehuset tek til.
1933
Byen får nye, moderne sjukebilar og Bergens Tidende skriv 4. april begeistra at «bilene er utstyrt med det aller siste på området, såsom automatisk clutch og frihjul, lydløst gear, automatisk selvstarter, sikring for brannfare i forgasser etc.»
Frå midten av 1930-talet skjedde det store endringar på Haukeland, både i sjukehuset og som ei følgje av endringar i samfunnet rundt. Så kom krigen, mellom anna med eksplosjonsulukka på Vågen i 1944 og bombinga av Holen skule i 1945, hendingar som påverka sjukehuset merkbart.
1935
Mikrobiologisk avdeling vart opna, dette var nok eit viktig steg i kampen mot infeksjonar og smitte.
1938
Leprasjukdom er så godt som utrydda i Noreg.
Haukeland rundt 1930.
Fleire bilete frå perioden 1933-1945
1940
Invasjonen av Noreg. 18 tyske soldatar vart innlagd på Haukeland 9. april, i tillegg til 11 såra norske soldatar. Frå 16. april overtok okkupasjonsmakta 120 senger i Hovedbygningen.
Ein framforhandla avtale slo fast at dei tyske såra så langt det var mogleg skulle få behandling av ein tysk lege, men at legane på sjukehuset var forplikta til å jobbe også på den tyske avdelinga. «[D]e tyske pasienter og læger – så vel som de norske – forplikter seg til å gjøre alt for å opprettholde et godt forhold innenfor sykehuset» står det mellom anna i avtalen.
1944
Eksplosjonsulukka 20. april. Eit hollandsk ammunisjonsskip ved Festningskaien i Bergen forårsakar ein valdsam eksplosjon. Minst 70 blir drepne med ein gong og 4600 fekk skadar dei måtte ha behandling for.
Kirurgisk avdeling tok i mot 117 pasientar denne dagen og utrulege 96 operasjonar vart gjennomført. Til Gades kom i alt 83 døde til identifisering og for å få fastslått dødsårsak. Dette var første gongen sjukehuset vart satt i beredskap og i følgje kjeldene fungerte alt effektivt frå første stund.
Onsdag 4. oktober 1944 gjekk britiske bombefly til angrep på den tyske ubåtbunkeren på Laksevåg. 193 sivile vart drepne, av desse var 61 barn ved Holen skole.
Etter krigen byrja oppbygginga av det som skulle bli Universitetet i Bergen. Haukeland sto sentralt i dette heilt frå byrjinga og fekk i 1956 status som universitetsklinikk. Sjukehuset fekk stadig fleire avdelingar, særleg opninga av Barneklinikken i 1950 var ein viktig milepåle.
1946
Medisinutdanninga vert lagt til Haukeland.
1947
Kong Haakon legg ned grunnsteinen til Universitetet i Bergen.
Kong Haakon besøker Haukeland og helsar på overlege Backer C. Grøndahl.
1948
Oppretting av Medisinsk fakultet.
1950
Barneklinikken blir gitt til Bergen by som frigjeringsgåve frå Sverige, ein barneklinikk vart samstundes gitt til Rikshospitalet. Barneklinikken i Bergen vart innvia av HKH Kronprinsesse Märtha 31. mai.
Bergen kommune heldt middag om kvelden og statsminister Gerhardsen uttalte at «Det er aldri reist et vakrere krigsmonument enn de monumenter svenskene har reist i form av de to barneklinikkene i Norge.»
1951
Røntgenavdelinga blir utvida og den teknologiske utviklinga innanfor radiologiske fag skyt fart.
1952
Nevrologisk avdeling og Hudavdelinga vert etablert og sjukepleiarskulen får eige bygg i Ulriksdal.
1953
Sjukehuset får igjen nye sjukebilar, Mercedes denne gong. Dette året vert gamle Lungegaarden sygehus rive og 19. desember opnar Noregs første oppvakningsavdeling på Haukeland.
1954
Haukeland får sin første hypermoderne telefonsentral. Same år opnar Poliomelittinstituttet, med ein høgkompetent stab som også er ein integrert del av Nevrologisk avdeling.
1956
Haukeland får status som universitetsklinikk. Same år blir Kvinneklinikken også organisatorisk ein del av Haukeland.
1957
Lungebygget står ferdig. Sjølv om dette var eit ledd i ein nasjonal styrking av omsorg for pasientar med tuberkulose valde ein å kalle avdelinga Lungeavdelinga, noko som viste seg å være framtidsretta sidan talet på tuberkulosetilfelle var fallande.
1959
Behovet for vidare utviding var stort, men krigen hadde satt ein stoppar for planane. I juli 1959 gjekk det ut ein invitasjon til arkitektkonkurranse for eit nytt sjukehusbygg.
Sjølv om det store nybygget skal la vente på seg føregjekk det mykje bygging på Haukeland i løpet av 1960-åra. Helsevesenet var på denne tida prega av personellmangel, særleg med omsyn til legar og sjukepleiarar. For å sikre naudsynt personell, sette derfor Haukeland i gang omfattande bustadbygging og oppretta dagheim for barn av tilsette.
Vaktrommet ved medisinsk avdeling i MFH-bygget.
1960
Ein vinnar blir kåra i arkitektkonkurransen som vart utlyst i 1959. Vinnarutkastet måtte seinare omarbeidast og først i 1983 vart den nye sentralblokka offisielt opna.
1961
I byrjinga av september vert Øre-nese-hals-avdelingen etablert på Kvinneklinikken, saman med den nyoppretta Øyeavdelingen.
1962
Laboratorium for klinisk biokjemi vert etablert, i dag analyserer laboratoriet omkring seks millionar prøver kvart år.
1963
Bygningen for Mikrobiologi, Farmakologi og Hygiene sto ferdig, i dag vert bygget kalla Armauer Hansens hus. Dette opna for at patologisk avdeling kunne utvide si verksemd i Gamle Gade.
1967
Oppretting av Nevrokirurgisk avdeling, Psykiatrisk klinikk og avdeling for plastisk og rekonstruktiv kirurgi.
Særleg to store ulukker skulle komme til å prege 1970-talet i Bergen: Ulriksbaneulukka i 1974 og forliset av Deep Sea Driller natt til 1. mars 1976. Dette var også tiåret da Haukeland vart fylkeskommunalt og då sjukehuset fekk ei EDB-avdeling og si første CT-maskin.
1970
Bergen kommunale Sykehus blir til Fylkessjukehuset i Hordaland. Tilhøva i Gamle hovedbygning var på denne tida så dårlege at Helsedirektoratet trua med å stenge bygningen. Parallelt med at arbeida med Sentralblokken starta vart det derfor sett i gong omfattande ombygging i Gamle hovedbygning.
1971
Barnepsykiatrisk avdeling og Fysioterapiavdelingen vert oppretta.
1972
Haukeland får si eigen EDB-avdeling i tillegg til ei ny Medisinsk-teknisk avdeling. Onkologisk avdeling og Hormonlaboratoriet vert opna. Sprengingsarbeidet for Sentralblokken startar.
Torsdag 8. juni er det ei eksplosjonsulykke på Barneklinikken (tekst sammenfatta av overingeniør Jan Torbjørnsen, tidligare leiar for Teknisk avdelings dokumentasjonssenter).
1974
9. juli fall Ulriksbana ned og fire personar mista livet. Ulukka verka sterkt på bergensarane og skulle også få stor innverknad på beredskapstankegangen ved Haukeland.
Ulriksbaneulykka. Foto: Trygve Hillestad
1975
Radiografskolen vert etablert. Vegen forbi Hauland vert lagt om da den 350 meter lange Haukelandstunnelen vert bygd under sjukehuset.
1976
Revmatologisk avdeling vert oppretta. Natt til 1.mars forliser Deep Sea Driller i Fedjeosen utanfor Bergen og seks menneske mistar livet. På Haukeland førte ulukka til hektisk aktivitet, fleire av dei overlevande var skadde og i gangane på sjukehuset sverma det med journalistar.
1979
Haukeland får sin første computertomograf (CT-maskin).
Allereie tidleg på 1930-talet var ein klar over behovet for ei ny, stor sjukehusbygning. Bygginga av sentralblokka varte i over eit tiår, noko som ga sjukehuset rikelig tid til å planlegge korleis bygningen skulle utformast.
Eit grunnleggande prinsipp vart nedfelt, ein skulle samle felles funksjonar i felles lokale. Den store, sentrale operasjonsavdelinga er eit av resultata av denne tankegangen. Betra hygiene og tryggare pasientbehandling, meir effektiv organisering og lettare tilgang til spesialundersøkingar var nokre av dei merkbare endringane. Sentralblokka markerte eit tidsskilje for Haukeland.
1980
Ei ny stor ulukke skulle prege byrjinga av det nye tiåret. Om kvelden 27.mars velta boligplattformen Alexander Kielland på Ekofisk-feltet i Nordsjøen og 123 av de 212 ombord døde.
1983
Endeleg opnar Sentralblokken med kronprinsparet til stades. Nytt er mellom anna Akuttmottak, sentral operasjonsavdelign (SOP), sentralforsyning og sterilsentral, sentralarkiv og dokumentasjonssenter og sjukehusapotek.
1984
Brannskadeavdelinga opna 10. september 1984. Brannskadeavsnittet (BSA) har framleis landsdekkande funksjon for behandling av pasientar i alle aldersgrupper med store brannskadar, brannskadar som krev spesiell ekspertise og andre definerte tilstandar.
Landets første akuttmedisinske kommunikasjonsentral blei etablert av overlege Paul F. Forstrønen og åpna i 1984.
Kommunikasjonsentral opner.
1985
Ortopedisk avdeling vert etablert.
1986
Rehabiliteringsavdelingen opnar.
1988
15. august 1988 får ein buss med svenske skulebarn og foreldre bremsesvikt og kolliderer i Måbøtunnelen. 16 omkom og vart skadde.
Berre ei veke før ulukka hadde Haukeland gjort ferdig sin katastrofeplan og alt disponibelt mannskap vart kalla inn. Alle pårørande vart frakta til Haukeland noko som var ein heilt ny måte å handtere ei slik hending på.
Her kan du lese meir om ulukka i Måbødalen (Wikipedia)
1989
1990-talet var prega av stort press på helseinstitusjonane. Eit stadig veksande offentleg ansvar for helse og velferd kombinert med ei auke i talet på eldre var ikkje i tilstrekkeleg grad møtt med ei utbygging av institusjonar. Dermed vart mykje av omsorgsoppgåvene overlete til sjukehusa. Samstundes vart krava til effektivitet i offentleg sektor skjerpa på denne tida. I heile landet auka talet på somatiske pasientar frå 1980 til 1998 med 17 prosent, samstundes som gjennoms nittleg liggetid gjekk ned med 36 prosent.
1992
Hjerteavdelinga vart etablert. Haukeland fekk si første MR-maskin, eit stort framsteg for diagnostikken.
Landsfunksjonen ved hjarteavdelinga. Overlegane Ole Jørgen Ohm og Hogne Engedal, 1995.
Fleire bilete frå 1990-1999
1993-1994
Sterilsentralen vart oppretta.
1998
Sjukehuset sitt pasienthotell, Haukeland Hotell, vart etablert. Skepsisen var stor, men det viste seg snart at dette var ei teneleg løysing både for pasientar og pårørande - og for avdelingane på sjukehuset.
Den omfattande helsereforma som tredde i kraft i 2002 har prega det nye tusenåret på Haukeland. Ansvaret for sjukehusa i Noreg vart overført frå fylkeskommunane til staten og fem regionale helseføretak vart oppretta. Dermed vart Haukeland ein del av Helse Bergen.
På 2000-talet har sjukehuset fått fleire landsfunksjonar, nye avdelingar og ny teknologi og forskingsverksemda held internasjonal standard. Haukeland universitetssjukehus er i dag eitt av dei største sjukehusa i landet og også eitt av dei mest veldrivne.
2002
Helse Bergen vert oppretta. Innunder organisasjonen kjem mellom anna Sandviken sjukehus, Voss Sjukehus, Kysthospitalet i Hagavik og Nordåstunet.
2003
Avdeling for internasjonalt samarbeid vert etablert.
2005
Avdeling for ortopedisk rehabilitering vert oppretta.
2007
Logopedtjenesten vert oppretta.
2008
Oppretting av Avdeling for Rusmedisin.
2009
PET-senteret og Avdeling for Pasientreiser vert etablert. Som første sjukehussenter i landet blei PET-senteret i 2011 godkjent av Statens legemiddelverk for produksjon av radioaktive legemiddel.
2010
Det nye Laboratoriebygget åpna. Der er alle laboratoriefag samla, med unntak av patologi. Der er det også laboratoriar for forskning. Lab-bygget ligg mellom Sentralblokka og Bygg for medisinske basalfag med gangbruer i mellom. Det gjev eit unikt høve til kommunikasjon og samarbeid mellom laboratoriefag, klinikk og forsking.
Nytt er også Senter for søvnmedisin. For første gong i Noreg er tverrfagleg kompetanse om søvnrelaterte sjukdommar samla på éin stad i eit sjukehus.