Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Supersyn

Haukeland er det andre sjukehuset i Noreg som har tatt i bruk Positron Emisjons Tomografi, den såkalla PET-teknologien.

PET

​Ragiograf Gulborg Kolstad hjelper pasienten inn i PET-skanneren.

Den avanserte bildediagnostikken som er mogeleg ved PET-teknologi har særleg stor tyding innan kreftbehandling.

Radioaktive forbindelsar blir injiserte i pasientane, og fordelinga i kroppen kan avbildast. Desse forbindelsane synleggjer vevets funksjon, og ikkje berre utsjånad, slik CT gjer. Men saman med CT, i en PET-CT, får ein det beste frå to verder, både funksjon og anatomi.

Dette gir viktig informasjon om spreiing, eventuelle attverandre kreftvev etter kirugiske inngrep, og om ein svulst er ferdigbehandla eller treng meir stråling eller kjemoterapi.

- Det er viktig at kreftpasientar får riktig behandling med ein gong, og det bidrar PET-skannaren til. Med skannaren kan vi kontrollere og følgje behandlingseffekten. Vi kan for eksempel sjå om cellegift faktisk fungerer og korleis den fungerer, seier leiar ved PET-senteret, Nina Kleven-Madsen. 

Sist oppdatert 11.12.2020