Ny CT-maskin på Hjarteavdelinga

Etter at den nye CT-maskina på Hjarteavdelinga kom på plass i 2011 har det blitt enklare og raskare å undersøke pasientar som kjem med akutte brystsmerter.

- Om vi mistenkjer at pasienten har hjartesjukdom, kan vi no sende dei til CT i staden for å gå inn i kroppen med kateter. Å undersøkje med kateter inneber ein viss risiko for alvorlege komplikasjonar. Til smanlikning er bruk av denne CT-maskina nærmast risikofritt, forklarar overlege Karel Kuiper.

Hjarterevolusjon

Mellom 10-15 personar blir tekne bilde av kvar dag. Det er spesielt kvinner som har særleg nytte av den nye diagnostikken.

- Metoden som vi brukte tidelgare var ikkje god nok for å avdekkje hjartediagnosar hos kvinner. I dag ser vi at denne teknologien gir oss mykje meir presise resultat for denne pasientgruppa, seier Kuiper.

Maskina er også i full bruk til forsking.

- Vi har eit breitt spenn i frå studiar om kosthald, til å følgje utviklinga av sjukdom i kransårene til hjartet, seier overlege Espen Rostrup.