Magnetisk hjarte

Det magnetiske navigasjonsutstyret gjer det mogeleg for legane å sitje på operatørrommet ved sida av laben og fjernstyre kateter i hjartet.

hjarte lab
Det magnetiske navigasjonsutstyret gjer det mogeleg for legane å sitje på operatørrommet ved sida av laben og fjernstyre katetet i hjartet.


Om lag 50 000 nordmenn har hjarteflimmer.

Med ny tekonologi basert på tredimensjonal bildeframstilling og leidningar som blir førte inn i hjartet ved hjelp av magnetisk navigasjon, har pasientar med alvorlege hjarterytmeforstyrringra fått ei betre behandling.

Dei store magnetane skal "dra" leidningane mot områda for dei unormale elektriske impulsane. Ved andre behandlingsmetodar måtte legen stått ved sida av pasienten og ført leidningane inn i hjartet manuelt, ut frå røntgenbilde.

Meir presis behandling

- Vi kjem til på vanskelege stader enn vi gjer ved manuell manøvrering av katetera. Behandlinga blir meir presis. Dessutan unngår vi røntgenstrålebelastning for både pasient og tilsette, forklarar seksjonsoverlege Per Ivar Hoff.

Når områda som flimmeret kjem frå er identifiserte, blir dei isolerte og brent vekk ved hjelp av radiobølgjer gjennom leidningane, såkalla radiofrekvensablasjon. Slik forsvinn uønska elektriske impulsar som fører til hjarteflimmer. Alt medan pasienten får smertestillande.