Hender som aldri skjelv

da Vinci er namnet på ei fjernstyrt operasjonsrobot. Maskina gjer at fleire pasientar kan bli behandla raskare og meir effektivt.

Einar Jøssang ligg på operasjonsbordet. Over han tronar seks mekaniske robotarmar. Dei lystrar kvar minste røyrsle frå fingrane og føtene til kirurg Yngve Nygår som sit tre meter unna.

- Det er neste som å køyre bil. Eg beveger utstyret inne i pasienten ved hjelp av multifunksjonelle hendlar og ein pedal, og det gir meir presisjon enn det eg kunne gjort dersom eg skulle operert pasienten med mine eigne hender, sier Nygård.

Roboten da Vinci er med på å tryggje inngrep, redusere behandlingstid og minske dei postoperative smertene for pasientar med prostata- underlivs., urinblære- og rektumkreft.