Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Førebyggande og helsefremmande arbeid

Mykje førebyggande og helsefremjande arbeid vert gjort på Haukeland universitetssjukehus (HUS).

Sjukehuset tek mellom anna del i Norsk nettverk for helsefremmende sykehus og helsetjenester (Norsk HPH) og bidrar inn mot Norsk HPH sine temagrupper Psykisk helse og Migrantvennlige sykehus. Fagfeltet kjem inn under alle dei fire hovudoppgåvene sjukehuset; pasientbehandling, utdanning av studentar, opplæring av pasientar og forsking. For å ytterlegare integrera det førebyggande og helsefremjande arbeid ved HUS er "Rådgjevande organ for det førebyggjande og helsefremjande arbeid" etablert.

Rådgjevande organ for det førebyggjande og helsefremjande arbeid

HUS har ein eigen strategi som gjeld førebyggjande og helsefremjande arbeid. I denne strategien har ein delt måla mellom sjukehuset si rolle som pasientbehandlar, samfunnsaktør og arbeidsplass.

Strategi for det førebyggjande og helsefremjande arbeid ved Haukeland universitetssjukehus (pdf)

Sist oppdatert 10.02.2017