Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Felles nettløysing​

Alle helseføretak har eigen nettstad, men nettstadane bygger på same tekniske løysing: «Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta».

Løysinga inneber at helseføretaka har fått felles design og struktur og kan dele informasjon på tvers av nettstadane. Eit helseføretak kan bestå av fleire sjukehus, distriktsmedisinske senter og behandlingsstadar innanfor psykisk helsevern og rusbehandling.

I tillegg til sjukehusa, er også alle regionale helseføretak, sjukehusapoteka og IKT-selskap ein del av felles nettløysing.

Deling av informasjon på tvers av helseføretak er sentralt i felles nettløysing. Informasjon om behandlingsmetodar og pasientforløp blir utvikla nasjonalt og alle helseføretak kan bruke den same informasjonen. Slik får pasientar den same behandlingsinformasjonen uavhengig av geografisk tilhøyrsle.

For at pasientar og pårørande også skal få informasjon som gjeld eiget helseføretak, blir den nasjonale behandlingsteksten sett saman med lokal informasjon. Du får praktisk informasjon om behandlingsstaden, informasjon om transport, avdelingar, kontaktinformasjon, oppmøtestad og arrangement. I tillegg er diagnoseinformasjon frå helsenorge.no integrert i behandlingsinformasjonen.

Behandlingsinformasjonen er også kopla opp mot aktuelle behandlingar i «Velg behandlingssted» som viser ventetider for utgreiing og behandling.

All informasjon som kan delast, blir publisert i eit eiget område for fellesinnhald. Frå dette området kan helseføretaka hente ut informasjonen dei ønskjer og fylle ut teksten med informasjon frå eige helseføretak.

Fellesinnhaldet blir vurdert kontinuerlieg. Alle helseføretak kan komme med innspel til endringar og forbetringar, og alle føretaka er involvert i endringsprosessen som blir koordinert frå sentralt hald. I tillegg vil all behandlingsinformasjon gjennomgå fast vedlikehald annakvart år.

All felles behandlingsinformasjon er godkjent av fagpersonar ved føretaket som produserer innhaldet. Når ein felles tekst blir brukt av eit anna føretak, blir informasjonen på ny vurdert av fagpersonar ved dette helseføretaket. Du kan derfor vere trygg på at den informasjonen du les på denne nettstaden er kvalitetssikra og godkjent. All informasjon har ein fagleg ansvarleg (namn) og eit ansvarleg helseføretak.

Fellesinnhald blir levert av alle helseføretak og universitetssjukehusa står for den største produksjonen. På denne måten vil også helseføretak som har liten produksjon av behandlingsinformasjon, kunne bruke fellesinnhald og dermed gi pasientane sine informasjon om behandlingar ved eigen behandlingsstad.

Helseføretaka har redaktøransvar for sine nettstadar. Alle førespurnader om nettstadens innhald skal gå til det aktuelle føretaket.

Du kan hente tekstar frå nettstaden, men vi ber om at helseføretaket blir oppgitt som kilde når tekstar blir nytta i andre samanhengar.

Du kan ikkje utan vidare bruke bilder og video frå helseføretakets nettstad på grunn av rettar til bilder og video. For bruk av bilde og video til media eller i andre samanhengar, kontakt kommunikasjonsavdelinga ved helseføretaket.

Ansvarleg redaktør

Erik Vigander, Kommunikasjonsdirektør

Redaktør fag- og pasientinformasjon

Martha Ebbing, Fagdirektør

Nettredaktør

Grethe Borvik Holmstrøm, Spesialrådgivar

Kontakt

Ta gjerne kontakt med oss om du lurer på noko angåande nettsidane våre

Send epost til info@helse-bergen.no