
Biobank
«Biobank
for angstlidelser og OCD» er ein biobank med biologisk materiale frå pasientar
med desse diagnosane. Målet med biobanken er å forske på angstlidingar og OCD.
For eksempel vil vi kunne undersøke arvelege faktorar som fører til utvikling
av angstlidingar/ OCD eller som påverkar sjukdomsforløpet. Denne informasjonen
vil kunne brukast til å auke kunnskapen om angstlidingar og OCD og kanskje også
til å utvikle nye metodar for behandling, eller forbetra diagnostikk.
I
forskingsprosjekt vil informasjonen frå biobanken bli kopla med opplysningar frå
sjukejournal og helseundersøkingar, helseregister og andre offentlege
administrative registre, for eksempel:
- CONOR med biobanker
- Dødsårsaksregisteret
- Fødselsregisteret FD Trygd
- Kvalitetsregister for konsentrerte behandlingsformat
- Regional forskningsbiobank Midt-Norge Norsk pasientregister
- Registre i Statistisk sentralbyrå HUNT med biobank
Tromsøundersøkelsen med biobank HUSK med biobank
- Reseptregisteret
Om du ønsker meir informasjon kan du lese informasjonsskrivet vårt her.
Aktuelle forskingsprosjektet frå biobanken
DNA-metylering
og behandlingsmekanismar ved tvangsliding (OCD).
Prosjektet
startar i 2020
Bakgrunn
Tvangsliding
(OCD) er ei alvorleg, invalidiserande psykisk liding som oftast rammar i ung
alder og som utan behandling typisk blir kronisk. Det er kjent at det er både
arvelege- og miljøkomponentar involvert, men vi veit lite om forholdet mellom
genetisk sårbarheit, miljøfaktorar, sjukdomsutvikling og behandlingsrespons. Ved
bruk av eit konsentrert behandlingsformat av den evidensbaserte behandlingsmetoden
Eksponering og Responsprevensjon (ERP) blir mange av pasientane kvitt symptoma.
DNA
metylering og behandlingsmekanismar
Vi vil no
undersøke DNA metylering hos pasientar med OCD før dei startar med ERP og
etter. Målet er:
1. Å avdekke modifisering av miljø på DNA som
er involvert i risiko for tidleg og sein sjukdomsutvikling
2. Å kartlegge samanheng mellom genetiske
faktorar og miljøfaktorar
3. Å identifisere modifisering på DNA etter
behandling
Prosjektet
baserer seg på innsamla biologisk materiale frå biobanken.
Komparative genomiske tilnærmingar for å forstå sjukdoms- og behandlingsmekanismar ved tvangsliding (OCD)
Samstundes som OCD er ei liding som lèt seg behandla, er det mykje som tyder på at vi er fødd med ulik sårbarheit for å utvikle ei tvangsliding. Vi har lite kunnskap om forholdet mellom genetisk sårbarheit, sjukdomsutvikling og behandlingsrespons. Dette er kunnskap som vil vere av stor verdi for utvikling av nye behandlingsmetodar. Dette forskingsprosjektet ønskjer å belyse kva for genetiske faktorar som er forbunde med å ha ei tvang- eller angstliding.
Delmål:
- Avdekke genetiske sårbarheitsfaktorer
- Kartlegge samanheng mellom genetiske faktorar og behandlingsrespons, inklusiv langtidseffektar.
- Undersøke samanheng mellom genetiske variantar og ulike undergrupper av OCD.
Prosjektet tar i bruk allereie innsamla biologisk materiale frå biobanken og kombinerer dette med informasjon knytt til utgreiing og behandling av lidinga (journaldata) hos barn og vaksne. Studien krev store datamengder og parallelle studiar går føre seg i dei andre nordiske landa.
Du kan når som helst og utan å oppgi grunn, trekke samtykket ditt utan at det får konsekvensar for din vidare behandling.
Leiar av desse prosjekta er professor Gerd Kvale ved Haukeland universitetssjukehus, epost: gerd.kvale@helse-bergen.no
Personvernombud ved Helse Bergen kan kontaktast via e-post: personvernombudet@helse-bergen.no