20 millionar til forsking på 4-dagars behandling av angstlidingar

4-dagars teamet ved Haukeland universitetssjukehus har utvikla ei intensiv behandling for tvangslidingar. No har dei fått 20 millionar kroner for å teste ut firedagarsmetoden også på andre angstlidingar.

- Haukeland universitetssjukehus skal leie gjennomføringa av fem store kontrollerte studiar på 4-dagarsbehandling av angstlidingar.

21. november besluttet RHF-ene å tildele 120 millioner kroner til syv ulike prosjektar gjennom Program for klinisk behandlingsforskning (KLINBEFORSK). Forskningsprogrammet skal støtte gjennomføring av store, nasjonale forskningsprosjektar av stor betydning for fremtidig pasientbehandling. Prosjekta er tett knytt opp mot pasientbehandling og spesialisthelsetjenestens behov, og hvert prosjekt får mellom 10 og 20 millioner kroner.

Fem studier

Blant dei som har fått maksbeløpet i støtte er professor og psykolog Gerd Kvale som leiar 4-dagars-teamet ved Haukeland universitetssjukehus. Saman med psykolog Bjarne Hansen har ho utvikla eit konsentrert format for behandling av Obsessive Compulsive Disorder (OCD). Nå skal metoden spres til andre angstlidingar.

- Dette er ei fantastisk gledeleg tildeling som gjer at vi kan nå ut til endå fleire pasientar med denne konsentrerte behandlinga, seier professor Gerd Kvale som leiar 4- dagars teamet ved Haukeland universitetssjukehus om pengane som kjem frå Program for klinisk behandlingsforsking. Prosjektet byggjer på det arbeidet vi har gjort med tvangslidingar og vil bli leia frå Haukeland" forteller Gerd Kvale.

Midlane skal brukast til å gjennomføre fem store kontrollerte studiar, der ein samanliknar effekt og kostnadseffekt av 4-dagars behandling med den tradisjonelle behandlinga pasientane får i dag.
Dei pasientgruppene som blir inkludert i studiane, er vaksne pasientar som har dei vanlegaste angstlidingane (panikklidelse, sosial angstlidelse, generalisert angstlidelse), samt pasientar med Body Dysmorphic Disorder (BDD), såkalla Dysmorfofobi der pasientane er sjukeleg opptatte av innbilt eller minimal feil med eigen utsjånad.
- Seinare skal også pasientar med depresjon bli inkludert i studiane, seier Kvale.

Ho fortel at det er en føresetnad at behandlarane som skal være i studiane med har kompetansen på å levere 4-dagers formatet, og opplæring er i gang. Denne kostnaden er det i hovudsak klinikkane som er involvert i studiane som skal stå for.
- Med den store interessa som det er frå klinikkar over heile landet for å få til opplæring i 4-dagars behandling, har vi stor tro og håp om at endå fleire klinikkar enn dei som står bak søknaden om forskingsmidlane vil kunne kvalifisere seg til å delta når vi går i gang med dei kontrollerte studiane, meiner Kvale.

Dei som står bak søknaden er forutan Haukeland universitetssjukehus; Sørlandet sjukehus, Molde sjukehus, Nidaros DPS, Finnmarkssykehuset og Angst- og tvangspoliklinikken ved Gaustad, der Gaustad først og fremst skal jobbe med BDD.

Les mer om tildelinga hos

Helse BergenDagens Medisin