Utsikt mot Bergen sentrum og Nygårdsbroen. Foto

OCD-teamet

OCD-teamet i Helse Bergen behandlar pasientar med tvangslidelse i Hordaland. Obsessive Compulsive Disorder (OCD), også kjend som tvangsliding, er ei liding med tilbakevendande tvangstanker og / eller tvangshandlingar.

Teamet er også kjent for 4-dagersformatet for behandling av tvangsliding og andre angstlidingar.

Får 20 millionar kroner til forsking på 4-dagers behandling av angstlidelser - Haukeland universitetssjukehus skal lede gjennomføringen av fem store kontrollerte studiar på 4-dagarsbehandling av angstlidelser

21. november besluttet RHF-ene å tildele 120 millioner kroner til syv ulike prosjekter gjennom Program for klinisk behandlingsforskning (KLINBEFORSK). Forskningsprogrammet skal støtte gjennomføring av store, nasjonale forskningsprosjekter av stor betydning for fremtidig pasientbehandling. Prosjektene er tett knyttet opp mot pasientbehandling og spesialisthelsetjenestens behov, og hvert prosjekt får mellom 10 og 20 millioner kroner.

Fem studier

Blant dem som har fått maksbeløpet i støtte er professor og psykolog Gerd Kvale som leder OCD-teamet ved Haukeland universitetssjukehus. Sammen med psykolog Bjarne Hansen har hun utviklet et konsentrert format for behandling av Obsessive Compulsive Disorder (OCD). Nå skal metoden spres til andre angstlidelser.


- Dette er ei fantastisk gledeleg tildeling som gjer at vi kan nå ut til endå fleire pasientar med denne konsentrerte behandlinga, seier professor Gerd Kvale som leiar OCD-teamet ved Haukeland universitetssjukehus om pengane som kjem frå Program for klinisk behandlingsforsking. Prosjektet byggjer på det arbeidet vi har gjort med tvangslidingar og vil bli leia frå Haukeland" forteller Gerd Kvale.


Midlane skal brukast til å gjennomføre fem store kontrollerte studiar, der ein samanliknar effekt og kostnadseffekt av 4-dagars behandling med den tradisjonelle behandlinga pasientane får i dag.
Dei pasientgruppene som blir inkludert i studiane, er vaksne pasientar som har dei vanlegaste angstlidingane (panikklidelse, sosial angstlidelse, generalisert angstlidelse), samt pasientar med Body Dysmorphic Disorder (BDD), såkalla Dysmorfofobi der pasientane er sjukeleg opptatte av innbilt eller minimal feil med eigen utsjånad.
- Seinare skal også pasientar med depresjon bli inkludert i studiane, seier Kvale.

Ho fortel at det er en føresetnad at behandlarane som skal være i studiane med har kompetansen på å levere 4-dagers formatet, og opplæring er i gang. Denne kostnaden er det i hovudsak klinikkane som er involvert i studiane som skal stå for.
- Med den store interessa som det er frå klinikkar over heile landet for å få til opplæring i 4-dagars behandling, har vi stor tro og håp om at endå fleire klinikkar enn dei som står bak søknaden om forskingsmidlane vil kunne kvalifisere seg til å delta når vi går i gang med dei kontrollerte studiane, meiner Kvale.

Dei som står bak søknaden er forutan Haukeland universitetssjukehus; Sørlandet sjukehus, Molde sjukehus, Nidaros DPS, Finnmarkssykehuset og Angst- og tvangspoliklinikken ved Gaustad, der Gaustad først og fremst skal jobbe med BDD.

Les mer om tildelingen hos Helse-Bergen eller Dagens Medisin




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.