Ofte stilte spørsmål - FAQ
Eg har både tvangsliding og tics. Korleis veit eg kva som er den primære diagnosen min?
Den primære diagnosen din (også kalla hovuddiagnosen) er diagnosen som plagar deg mest og som har høgast prioritet i behandlinga.
Eg har gløymt påloggingsinformasjonen min. Kva gjer eg?
Barnet mitt har tvangsliding / dysmorfofobi / samlarsyndrom / tics. Kan han/ho bli med?
For augneblinken er det berre vaksne som kan delta i studien vår via eigenregistrering.
Vi kan legge til ei moglegheit for barn å registrere seg via nettstaden i framtida. Vi vil i så fall kunngjere dette.
Korleis tar eg ein spyttprøve?
Du kan sjå eit instruksjonsark på svensk om korleis du tar ein spyttprøve her. Det er òg ein instruksjonsvideo på engelsk, du kan sjå den her. (lenke)
Eg har ikkje ein BankID. Kan eg likevel bli med?
For å kome inn i den sikre plattforma bak studien, må du kunne identifisere deg ved hjelp av BankID. På den måten kan vi garantere at informasjonen din er sikker.
Viss du ikkje har ein BankID, kan du enkelt bestille dette via nettbanken din.
Ta gjerne kontakt med oss:
Bergen Center for Brain Plasticity
Telefon
+47 48 03 48 71