Ni fekk augeskadar etter nyttårsfyrverkeri
Tre av dei ni vart alvorleg skadde. Dette melder overlege Nils Bull ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus 1. nyttårsdag.

1. nyttårsdag kvart år samlar Bull inn oversikt over kor mange som er behandla for augeskadar etter nyttårsfeiringa frå sjukehus i heile landet.
For andre år på rad er det ein nedgang i talet på augeskadar, og dette er svært gledeleg.
-Tre av dei 9 er alvorleg skadde. Dei seks andre har augeskadar som er moderat alvorleg. Ingen av dei som er skadd rapporterer å ha brukt vernebriller då ulukka skjedde, seier Bull.
Fire menn og fem gutar
Ingen kvinner er skadd i år. Ein av dei som fekk alvorleg skade var tilskodar.
- Alle dei tre alvorlege augeskadane og to av dei moderat alvorlege skjedde etter bruk av effektbatteri. Ein måtte fjerne auget, fortel Bull.
- To effektbatteri gjekk av eller eksploderte i same augeblink som lunta vart tent. Ein gut vart skadd av stjerneskot, ein annen vart treft av eit grisehyl som spratt opp i auget. Ein tredje gut plukka opp fyrverkeri frå bakken, som så eksploderte.
Sjølv om vi ser ein nedgang i tal på skadar er det framleis for store konsekvensar for dei som blir alvorleg skadd, meiner Bull. Augelegen ønskjer framleis forbod mot privat fyrverkeri.
- Felles fyrverkeri er blitt meir vanleg og kan vere ein av årsakene til nedgang i skadetal, seier han.
- Om ein berre hadde felles fyrverkeri ville ein kunne få slutt på alle dei alvorlege augeskadane.
Definisjonar på augeskade:
Alvorleg augeskade: Er forventa å gi betydeleg synsreduksjon.
Moderat alvorleg augeskade: Kraftig akutt skade, men er ikkje forventa å gi betydeleg synsreduksjon.
Lette augeskadar: Blir behandla ved legevakt og er ikkje rekna med i denne oversikta.