Nevrologi og tjenesteinnovasjon fekk forskingsprisane
Vi har ein verdsleiande klinisk forskar på muskelsjuksjukdommen myasthenia gravis i Helse Vest. Han høyrer til på Haukeland universitetssjukehus, heiter Nils Erik Gilhus og fekk torsdag forskingsprisen for 2017. Innovasjonsprisen gjekk til «Klinisk ledelse i team» ved prosjektleiar Øystein Evjen Olsen frå Stavanger universitetssjukehus, kursleiar Sigrun Qvindesland og forskingsansvarleg for følgeforsking, Sissel Eikeland Husebø.

– Det er stor stas med ei slik anerkjenning. Det er flott at Helse Vest synes at det eg har gjort, er av høg kvalitet og er svært takksam, glad og fornøgd. Eg er imponert over at Helse Vest deler ut ein slik pris. I tillegg til at det er høg satsing på forsking, er det flott at dette også viser igjen i handling, seier den nybakte vinnaren av forskingsprisen for 2017, Nils Erik Gilhus.
Stor innsats for pasientar med sjukdommen myastenia gravis
Gilhus får prisen for si framragande forsking på myasthenia gravis, som er ein muskelsjukdom som gir muskelsvakheit for pasienten. Kring 800 personar i Noreg har sjukdommen. Dei som er ramma, har gode livsutsikter og klarer seg bra, blant anna takk vere god og riktig behandling.
Overlegen og professoren har meir enn 30 års erfaring med forsking. Han både disputerte og blei spesialist i nevrologi i 1984. I tillegg har han laga oversiktsartikler for formidlingsformål og vore ein ressursperson for pasientorganisasjonar. – Det er viktig med brukarmedverknad for å sikre relevans, og det er klokt i eit samfunnsperspektiv. Brukarrepresentanten er med på alle møtene våre og kjem med gode innspel, fortel han.
Han er no leiar for to forskningsgrupper – Bergen Myasthenia Gravis Research Group og Bergen Epilepsy Research Group. Forskingsmiljøet rundt Gilhus har vore eit viktig miljø for doktorgradsutdanning i nevrologi i vid forstand. – Eg må trekkje fram det gode nevromiljøet vi har på Vestlandet. Vi har eit nært og godt samarbeid, og det er særs viktig at forsking, utdanning og klinisk arbeid er knytt saman slik som det er. Det gir også resultat, meiner Gilhus.
Internasjonal aksept for diagnostikk og behandling
Juryen som har tildelt prisen til Gilhus, seier blant anna at han gjennom fleire års dedikert forskingsarbeid har bidrege sterkt til at det er retningslinjer som har internasjonal aksept for diagnostikk og behandling av denne sjukdommen. Dette er svært viktig – ikkje berre for pasientane i Helse Vest – men for alle som blir ramma av denne kroniske autoimmune sjukdommen. For pasientar med kronisk sjukdom er optimalisering av diagnostikk og behandling alfa og omega, det er nøkkelen til auka livskvalitet og forlenga leveutsikter.
At Nils Erik Gilhus er den leiande forskaren på dette området, kom også godt til syne då han som einaste forfattar blei invitert til å skrive ein oversiktsartikkel om diagnostikk og behandling av sjukdommen i New England Journal of Medicine.
Den siste tida har Gilhus særleg forska på kvinner med epilepsi og laga retningslinjer for svangerskap, fødsel og amming for denne gruppa. Endra medikamentval og auka bruk av folat før og under svangerskapet har gitt gode resultat.
Forskingsprisvinnar Gilhus fekk 200.00 kroner og eit kunstverk.
Tjenesteinnovasjon fram i lyset
– Eg er svært audmjuk og må seie takk til alle som har sett kva vi har halde på med og utvikla, og at andre har hatt trua på konseptet vårt, seier innovasjonsprisvinnar Øystein Evjen Olsen. Han er prosjektleiar for «Klinisk ledelse i team» og takkar også på vegner av kursleiar Sigrun Qvindesland frå SAFER og Stavanger universitetssjukehus og forskingsansvarleg for følgjeforsking, Sissel Eikeland Husebø ved Universitetet i Stavanger og Stavanger universitetssjukehus.
Tillit, kvalitet, responsivitet og effektivitet
Kurset «Klinisk ledelse i team - tjenesteinnovasjon med pasientsikkerhet, organisering og effektivitet i sentrum» som dei tre har utvikla, er eit teoretisk, pedagogisk og praktisk rammeverk for korleis ein klinisk utøvar kan handtere verdikonfliktar og dilemma som han eller ho står overfor i arbeidet sitt kvar einaste dag, både i møte med pasienten og i møte med andre klinikarar. Dei fire sentrale verdiane det blir arbeidd med under kurset, er tillit, kvalitet, responsivitet og effektivitet.
Det skal vere gøy å gå på jobb!
– På kurset lærer deltakarane å snakke saman på ein annan måte og å bruke det same språket. Dei som deltek, er frå alle yrkesgrupper, og frå alle typar avdelingar. Det er ein fordel at det er eit stort mangfald, fordi dei lærer også meir om kva dei andre driv med og frå dermed større respekt for kvarandre. Vi har ei brei definisjon på kva ein klinikar er: Alle som har ei rolle rundt ein pasient. Nokre av desse kan få kjensla av ikkje å strekkje til, at dei ikkje er gode nok, ikkje raske nok, at dei ikkje kommuniserer godt nok. Ein sikker veg til å vere utbrent, er ikkje å føle seg god nok. Dette forsøker vi å rette på ved kursopplegget vårt, fortel Olsen.
Hausten 2013 fekk prosjektet såkornmidlar frå Helse Vest for å gjennomføre eit pilotkurs. I januar 2016 blei kurset vedteke vidareført etter ei grundig evaluering med svært positive tilbakemeldingar frå deltakarar, avdelingar og samarbeidspartnarar. Hausten 2017 skal 180 deltakarar frå 26 postar i 10 avdelingar og 5 klinikkar ved Stavanger universitetssjukehus ha delteke på kurs og lært seg ein ny måte å arbeide på.
– Når dei tilsette føler seg trygge ved sengekanten, gir det dei en betre moglegheit til å gjere ein god jobb. Time for time, minutt for minutt. For pasienten.
Innovasjonsprisen er på 100.000 kroner og eit kunstverk.
Andre som har bidrege i innovasjonsprosjektet, er Helge Lorentzen – SAFER, Øistein Mjelva, Stian Bergby, Cathrine Hustoft. Dei tre siste er frå Stavanger universitetssjukehus.