Motorsyklistar med gåve til Vardesenteret
Vardesenteret på Haukeland er den takknemlege mottakar av 20.400 kroner frå Bergen Charity Run.
Publisert 05.05.2017
Sist oppdatert 19.12.2023

Bergen Charity Run er eit årleg arrangement for amerikanske og britiske syklar. Formålet er å samle pengar til ein veldedig organisasjon og i år fall valet på Vardesenteret. Det er senterkoordinator Mirjam Østevold svart glad for.
Les meir om Vardesenteret
- Dette er stort for oss, vi på Vardesenteret er veldig glade for denne gåva, sa Østevold då nokon av motorsykkelentusiastane kom til Haukeland for å overrekke pengegåva onsdag.
- Det er rørande at de tenker på oss, og denne gåva skal vi bruke på noko kjekt, noko som kjem brukarane våre til gode.

Det er deltakarane i Bergen Charity Run glade for å høyre.
- Det er gøy for oss å gje noko som treff folk i Bergen sitt nærområde og til noko som støttar pårørande. Takk for jobben de gjer!