Speed-dating mellom forskarar og legemiddelselskap
12. januar arrangerer Biomedical Network eit møte der legemiddelfirma presenterer nyheiter frå utvikling av nye medikament og inviterer forskarar frå Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen til speed-dating og forskingssamarbeid.
- Det vil bli tid til uformelle samtaler med kollegaer og folk med ansvar for tilrettelegging og oppfølging av kliniske studiar, fortel prosjektleiar i Biomedical Network, Jens Reigstad.
-Vi har forventningar til at dette skal bli like vellykka som tilsvarande initiativ ved Oslo universitetssykehus. Der kom det fram konkrete idear til forskingssamarbeid mellom dei som deltok.
Møtet er 12. januar kl. 15:30-19:00 i Bikuben. Påmeldingsfrist er 4.januar. Det vil bli enkel servering.
Biomedical Network tar idear og initiativ frå forskingsmiljø vidare til realisering med sikte på at kompetanse og resultat frå forsking skal gi verdifulle bidrag til framtidig metode, diagnostikk eller terapi.