Vil hjelpe LAR-pasientar å stumpe røyken
Dersom pasientar i LAR får eit integrert tilbod om nikotinerstatning og støttesamtalar, kan det vere ei effektiv hjelp til å redusere talet på sigarettar dei røyker.

Dette er konklusjonen i ein studie som nyleg vart publisert i JAMA Psychiatry; «Integrated Nicotine Replacement and Behavioral Support to Reduce Smoking in Opioid Agonist Therapy. A Randomized Clinical Trial»
Mål om fast behandlingstilbod
Studien, som utgår frå Avdeling for rusmedisin, viser at 30 prosent av pasientane som deltok i intervensjonsgruppa klarte å halvere bruken av tobakk når dei i tillegg til ordinær LAR-behandling fekk tilbod om 16 veker med integrert røykereduksjonsbehandling. Deltakarane i kontrollgruppa fekk berre standard LAR-behandling. Der klarte 17 prosent å redusere bruken av tobakk.
- På sikt er målet at integrert røykereduksjonsbehandling skal bli eit fast behandlingstilbod i LAR, seier prosjektansvarleg Karl Trygve Druckrey-Fiskaaen, seksjonsoverlege ved Avdeling for rusmedisin, seksjon Tertnes.
Det målet deler Jorge (49), som er LAR-pasient på 18. året og er ein av deltakarane i studien.
- Før eg vart med i studien røykte eg rundt 20 sigarettar om dagen. I løpet av prosjektet gjekk eg ned til fem om dagen, fortel han.
Etter at dei 16 vekene var over gjekk bruken litt opp igjen, og no ligg han på 10-15 røyk om dagen i snitt.
- Det kjem litt an på kor opptatt eg er. Eg jobbar som frivillig på Huset, og når eg er på jobb røyker eg lite.
Kvifor er røykereduksjon viktig
Den integrerte røykereduksjonsbehandlinga var ein kombinasjon av nikotinerstatningsprodukt og korte støttesamtalar på LAR-poliklinikken kvar veke. Deltakarane fekk plaster ein gong i veka, pluss nikotintyggis eller sugetablett.
- Studien vår hadde som mål å undersøke om ein intervensjon som kombinerte desse tiltaka var effektiv i å hjelpe deltakarane med å redusere sigarettbruken med minst 50 prosent, fortel Druckrey-Fiskaaen.
Bakgrunnen for studien er at omtrent 85 prosent av alle pasientar som får LAR- behandling røyker tobakk. Til tross for stor helse-risiko knytt til røykerelaterte sjukdommar vert det laga få intervensjonar retta spesifikt mot pasientar i LAR.
- LAR er i utgangspunktet livslang behandling. Vi veit at opiat og nikotin påverkar og forsterkar verknaden av kvarandre, røyking er også ein måte å handtere stress på, derfor er det mange pasientar i LAR som røyker. Og vi veit også at nikotinavhengigheit er ei av dei sterkaste avhengigheitene, fortel Druckrey-Fiskaaen.
Det er med andre ord ikkje det enklaste utgangspunktet for røykeslutt.
- Mange treng nok lengre tid og fleire forsøk på å klare det, påpeikar den prosjektansvarlege.
Billegare for samfunnet
Jorge sitt mål er å slutte innan han er 50, som han blir seinare i år.
- Det hadde vore fint om dette hadde blitt ein del av behandlinga. Då kunne eg ha nådd målet mitt om å kome ned i null. Og dessutan vil eg ikkje ha lungekreft, seier han.
I ein periode kjøpte han nikotinplaster sjølv, men i kombinasjon med auka utgifter til erstatningar for tobakk, som kjeks og sjokolade, vart det dyrt.
- Det var greitt at nikotinplasteret vart dekka, og det var bra med oppfølging kvar veke. Det var fint at nokon såg meg, seier han.
- Eg trur òg at det er førebyggande. Det er billigare for samfunnet å hjelpe oss slik at vi sluttar med tobakk enn at vi røyker mykje og blir sjuke.
Jorge får støtte av Siri, som også har vore med i studien.
- Det er mykje lettare å motivere seg for å trappe ned når du har støtte og får dekka utgifter, understrekar ho.
Før prosjektet røykte ho mellom 20 og 30 sigarettar om dagen, i løpet av prosjektperioden vart talet kraftig redusert – nokre veker var ho nede på 7-10 om dagen. No har det gått litt opp igjen.
- Det er vanskelegare å fokusere på det å trappe ned når det er mykje uro i livet elles – då eg deltok i studien var det ein rolegare periode i livet, og det gjorde godt med samtale kvar veke.
I Storbritannia finst det eigne røykeslutt-poliklinikkar. Det er ikkje nødvendigvis eit mål for Druckrey-Fiskaaen, men han har eit sterkt ønske om å forlenge tilbodet pasientane fekk i studien.
- No skal vi lage ein kost/nytte-analyse av prosjektet. Håpet er å få dette inn i budsjettet, samtidig som vi skal jobbe opp mot nasjonale beslutningstakarar. For eks. er ikkje nikotinplaster ein del av innkjøpsordninga eller dekka av blåreseptordninga. Kanskje det er mogleg å gjere noko med?