Utvikling av KI-verktøy kan effektivisere diagnostikk av tarmpolyppar
Avdeling for Patologi ved Haukeland universitetssjukehus har inngått eit samarbeid med det britiske firmaet Histofy for å utvikle eit verktøy basert på kunstig intelligens (KI) som vil effektivisere diagnostikk av tarmpolyppar. Tarmpolyppar er små utvekstar i tjukk- eller endetarmen som kan utvikle seg til kreft over tid.
Tarmkreft er ein av dei vanlegaste krefttypane i Noreg. Det nasjonale tarmscreeningprogrammet, som blei innført i 2022, tilbyr no alle over 55 år avføringsprøver og ved behov vidare oppfølging med koloskopi og fjerning av eventuelle polyppar. Dette har ført til ein auke i talet på prøver som må prosesserast og analyserast ved Avdeling for Patologi.
Dagens diagnostiske prosess er tidkrevjande der kvar enkel prøve blir undersøkt og tolka av ein patolog. Med aukande prøvemengde og avgrensa tilgang til patologar er det nødvendig å finne løysingar som også i framtida kan sikre korrekte diagnosar.
- Prosjektet vil teste og integrere KI-verktøyet i den daglege diagnostikken av tarmpolyppar ved å raskt identifisere polyppar som krev tett oppfølging eller kirurgisk behandling. Dette vil gjere det enklare for patologane å prioritere pasientar med behov for rask behandling, slik at dei som treng det mest, får hjelp først, seier professor Elisabeth Wik, leiar ved Avdeling for Patologi.
Raske og presise svar med KI
Samarbeidet med Histofy handlar om å utvikle eit KI-basert støtteverktøy for avgjerder, som kan klassifisere tarmpolyppar raskt og nøyaktig. Teknologien vil gjere det mogleg å hjelpe patologane med å ta raskare avgjerder. Dette vil forbetre arbeidsflyten, redusere svartid, og ikkje minst gi pasientane raskare tilgang til behandling når det er nødvendig.
- Vi ser at KI-verktøyet kan hjelpe patologane ved diagnostikk av tarmpolyppar og såleis bidra til raskare prosessering av prøver og raskare diagnose. Dette betyr at pasientane ikkje må vente like lenge på svar, noko som kan redusere angst og usikkerheit. Med KI- verktøyet kan vi gi pasientane den hjelpa dei treng utan unødvendige forseinkingar, seier Wik.
Bidrar til å utnytte ressursane på best mogleg måte
I ei tid med bemanningsutfordringar i helsesektoren er det viktig å utnytte ressursane på best mogleg måte.
- KI-teknologien vi utviklar vil gjere nettopp det – hjelpe patologane til å fokusere på dei mest krevjande tilfella, samtidig som standardiserte oppgåver kan automatiserast, seier Wik.
Prosjektet er finansiert av øyremerka midlar frå Tarmscreeningsprogrammet.