Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stian Kreken Almeland vald til president i European Burns Association

Stian Kreken Almeland er vald til president i European Burns Association (EBA), den europeiske organisasjonen for brannskadebehandling. Han vil ha denne posisjonen dei komande to åra. EBA samlar fagfolk frå heile Europa som er involvert i behandling av brannskadar, og har medlemmar frå meir enn 30 land.

Publisert 18.09.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
Bilde av Stian Kreken Almeland med et lite barn med bandasjer

​​​I tillegg til å vere ein internasjonalt velrenommert forskar innan brannskadebehandling, har Almeland som mangeårig leiar for EBA sin komité for handtering av katastrofar og massebrannskadar, vore ei drivkraft bak etableringa av eit nordisk og europeisk system for å handtere slike hendingar.

Almeland ser på utnemninga som ei moglegheit til å styrke europeisk brannskadebehandling og samarbeidet med EU-kommisjonen, når det gjeld beredskap og utfordringar knytte til Ukraina. Han ønskjer å auke fokuset på EBA-godkjenningsprogrammet for europeiske brannskadesenter, ein godkjenning Brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus allereie har oppnådd, og som stadfester deira høge behandlingsstandard. 
Stian Kreken Almeland

Stian Kreken Almeland vil inneha posisjonen dei to komande åra.



- Eg er takksam for tilliten og ser fram til å ta fatt på oppgåvene. For meg vert det viktig å jobbe med vidareføring av ein sterk fagleg organisasjon som set standardar for brannskadebehandling i Europa, seier Almeland.

Avdelingsoverlege Ragnvald Ljones Brekke ved Brannskadeavdelinga er stolt over Almeland si utnemning og ser den som ei anerkjenning av hans betydelege arbeid på dette området. 

​-Stor fjør i hatten for Haukeland universitetssjukehus


- Det er ei stor ære for Brannskadeavdelinga at Almeland er vald til eit slikt tillitsverv. Eg ser på presidentvervet som ei anerkjenning av det store arbeidet Almeland har lagt ned for å få desse systema på plass. Det er samstundes ei tillitserklæring frå det europeiske brannskademiljøet om at han er rett person til leie oss vidare i arbeidet for å sikre best mogleg behandling for alle som vert utsett for slike skadar i Europa, og elles i verda, seier Ragnvald Ljones Brekke, avdelingsoverlege Brannskadeavdelinga.​
​​

Les meir o​m European Burns Association