Statsforvaltaren om Norwait-studien:
18 av 31 pasientar fekk ikkje forsvarleg helsehjelp.
Publisert 28.03.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
- Vi vil først og fremst beklage på det sterkaste til involverte pasientar og pårørande for den ekstra risikoen og lidinga dei er påført. Vi tar denne saka på største alvor. Hovudfokuset vårt no er å informere og følgje opp pasientane. Vi vil invitere dei som ønsker det til å møte oss for nærmare utgreiing og forklaring no som tilsynssaka er avgjort, seier klinikkdirektør John-Helge Heimdal ved Kirurgisk klinikk på Haukeland universitetssjukehus.
Statsforvaltaren har vurdert at Helse Bergen som helseføretak har hovudansvaret for svikten i helsehjelpa, og slår også fast at studieleiaren og kirurgane som inkluderte og følgde opp pasientane i studien har brote med kravet til forsvarleg helsehjelp.
Heimdal understrekar at leiinga støttar opp om dei involverte fagfolka.
- Denne saka er aller verst for pasientane og dei pårørande, men den pregar også våre medarbeidarar sterkt. Intensjonen til forskarane har vore god; dei ønskte å tilby pasientar med endetarmskreft eit alternativ til omfattande kirurgiske inngrep. Samstundes erkjenner og beklagar dei at studieprotokollen ikkje har vore følgt, og at dette fekk alvorlege konsekvensar for pasientane.
Av dei 31 pasientane som deltok i studien har så langt 23 har fått lokal gjenvekst, og 10 av desse har også fått spreiing av kreften. Éin pasient har fått spreiing utan å ha fått gjenvekst. Seks pasientar som vart inkluderte er døde, men nokre av andre årsaker enn endetarmskreften. Vi kan ikkje gå nærare inn på desse opplysningane av omsyn til teieplikta.
Alle dei gjenlevande pasientane som deltok i studien har fått tilbod om ei ny undersøking og ei uavhengig vurdering av fagfolk frå andre sjukehus.
- Vi får inn ekspertar frå Radiumhospitalet rett over påske, og til saman 16 pasientar har takka ja til ei slik undersøking, seier Heimdal.
I konklusjonen frå Statsforvaltaren står det også at svikten i helsehjelpa må sjåast i samanheng med svikt i organiseringa av forskingsprosjektet.
Det er fagdirektør Marta Ebbing som har det overordna systemansvaret for oppfølging av forskinga på sjukehuset.
- Denne saka er svært alvorleg, og til liks med Heimdal vil også eg uttrykke medkjensle og beklage overfor dei som er råka, seier Ebbing.
- Vi erkjenner at vi ikkje hadde gode nok system for å forankre og følgje opp kliniske forskingsprosjekt, og har sidan denne saka vart kjent jobba med å forbetre rutinane våre. Eg håper og trur at vi gjennom erfaringane og arbeidet med denne saka står betre rusta til å drive med viktig klinisk forsking på sjukehuset. Forsking er ei av hovudoppgåvene til sjukehusa. For å løyse dette samfunnsoppdraget er vi heilt avhengige av tillit. Vi vil lære av denne saka og førebygge at liknande skjer igjen, seier Ebbing.
Det skal vere trygt å delta i klinisk forsking på Haukeland universitetssjukehus.
Blant tiltak som er innført for å styrke oppfølginga av klinisk forsking i sjukehuset er:
- Rutiner for planlegging, gjennomføring og avslutning av forskingsprosjekt er oppdatert og forbetra. Dette gjeld særleg klargjering av ansvar, roller og oppgåver og kontroll ved ansvarleg leiar
- Det digitale systemet for kliniske forskingsprosjekt i Helse Bergen – eProtokoll – er forbetra, slik at det er lettare for forskararer og leiarar å gjere tinga rett, og å halde oversikt
- Vi har oppdatert og forbetra opplæringskursa i «Grunnleggende forskningskompetanse»
- Leiinga har vedteke ny delplan for forsking og innovasjon som legg vekt på organisering og infrastruktur for klinisk forsking