Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Siste jordmordag i gamle Kvinneklinikken

I dag 5. mai er det jordmordagen, men korleis er det å vera jordmor i Helse Bergen?

Publisert 05.05.2023
fire jormødre i fødestue.

Gjengen på Storken er klare til å ta imot nye mødre.

Kari Aarø på Føde C Storken fortel o​m ein variert arbeidsdag 

– Føde C Storken er ein flott stad å vera jordmor! Me er ei kombinert avdeling der det er både fødslar og barseltid. Her støttar me kvinna gjennom den normale fødselen. Ved bruk av mellom anna nærvær, oppmuntring, ro og tid. Me har stort fokus på tyngdekraft og endring av stilling gjennom fødselen, ved bruk av badekar, dusj, preikestol, yogaball, yoga matte, fødekrakk, seng og saccosekk for å nemna noko. Me bruker mykje akupunktur, varme, massasje, pust og steriltvasspapler som smertelindring.    

Kvifor er det gøy å vera jordmor på Føde C Storken?   

– Som jordmor er det veldig kjekt å få følgja kvinna, paret og den nye familien gjennom fødselen, men også dei første dagane i barsel. Det å få gi heilskapleg omsorg med fødselshjelp, ammehjelp og opplæring i barnestell er veldig spennande.  

– Jordmødrene på Føde C Storken tek med seg årelang erfaring, kompetanse, interesse og engasjement for den naturlegen fødselen bort i Glasblokkene. Alle fødestover i Glasblokkene har nye badekar. Me held fram med å jobba mykje med vatn og håpar på mange vassfødslar.   

Tidleg ultralyd 

​​Kvinneklinikken har nettopp starta opp med tidleg ultralyd, og innan det så måtte det utdannast fleire jordmødrer innan ultralyd, utstyr skulle på plass og nye areal skulle takast i bruk, og ved Kvinneklinikken i Bergen starta ein opp med tilbodet 1. september 2022. 

– Ved Seksjon for fostermedisin og ultralyd utfører jordmødrer rutineultralyd i svangerskapsveke 11-13 og 17-19, og dessutan terminkontrollar i veke 41+3. Alle jordmødrer har lang jordmorerfaring før dei tek vidareutdanning i ultralyddiagnostikk, fortel Jordmor Ine Moen. 

– Me har eit spennande arbeidsfelt innan svangerskapsomsorga. Det har vorte ei dobling i tal ultralydundersøkingar frå me starta opp med tidleg ultralyd, og travle dagar, men me har plass til alle som ønskjer dette tilbodet! Me ønskjer at alle gravide og partnarane deira skal kjenna seg godt vareteken, seier ho vidare. 

jordmødre ved ultralydapparat

Jordmødrene på Haukeland tar nå tidlig ultralyd av gravide.

Nye og spannande lokaler i Glasblokkene 

​Assisterande klinikkdirektør på Kvinneklinikken Martha Vadset fortel at ho gler seg til at Kvinneklinikken skal flytte inn i nye lokaler i Glasblokkene 7. november i år. 

–  Det har jo vorte eit heilt fantastisk flott hus! Me blir inspirerte når me er på rundtur i bygget. Det nye bygget blir ein god plass å vere både for pasientane og for oss som jobber her. For å nemna noko spesielt vil det få mykje å seia at Barneklinikken og Kvinneklinikken kjem under same tak, og at det blir familierom til alle.    

Dette blir eit stort kvalitetsløft! Les meir om fødetilbodet i Glasblokkene på Helse Bergen sine nettsider (helse-bergen.no)​ og følg​ kvardagen til jordmødrene og resten av fødeavdelinga når dei snart startar opp eigen instagram konto. 

Glasblokkene

Kvinneklinikken skal flytte inn i nye lokaler i Glasblokkene 7. november i år.