Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sentralblokka er 40 år. Bygget som skapte dagens Haukeland sjukehus.

23. November 1983 vart Sentralblokken opna i ein høgtideleg seremoni med kronprins Harald og kronprinsesse Sonja til stades. Dette var 12 år etter startskotet for byggeprosjektet som skulle bli landets største, mest teknologisk avanserte og dyraste bygg.

Publisert 22.11.2023
Sist oppdatert 21.02.2025
Historisk foto av flere mennesker som er samlet i et auditorie
Kronprinsesse Sonja og Kronprins Harald stod for den offisielle opninga av Sentralblokka 23.november 1983.

I februar 1972 starta det første arbeidet med å sprenge ut den 23 mål store tomta for Sentralblokka. “Norges største byggeforetakende” sto det på forsida av Bergens Tidende. I fem år vart det sprengd og grave mens første byggetrinn reiste seg.  Etter fleire år med politisk kamp, utallige timar med planlegging, og mange år etter arkitektkonkurransen i 1959, skulle endeleg gigantbygget reise seg.  

Et historisk foto av en tomt hvor det graves, med flere anleggsmaskiner
I februar 1972 gjekk dei første salvene av på den 23 mål store tomta for Sentralblokka.

Kostnadsoverslaget for å bygge Sentralblokka var på over 400 millionar kronar, og byggeperioden var satt til åra 1972-1980. Oppgraderingar av dei eksisterande bygga, som vart brukt til provisoriske lokale, ville koste om lag 70 mill kronar. I tillegg ville innredning og utstyr komme på rundt 100 millionar. 


Nye og moderne fasilitetar og funksjonar.  

Sentraloperasjonsavdelinga vart etablert med i alt 22 operasjonsstover. Mottaksfunksjonen vart samla i eit felles Akuttmottak, inkludert ein mottaks sengepost, som kunne ta imot augeblikkeleg hjelp pasientar på ettermiddag-, kvelds og nattetid. Bygget romma nye og moderne fasilitetar, til dømes rørpost, automatisk transportanlegg, høyttafonanlegg (høyttaler kombinert med telefon) og eit parkeringsdekke med helautomatisk betalingssystem. Det nye sjukehuset hadde også eit eget sjukehusapotek, eit felles sentrallaboratorie og nye forskingsfasilitetar. I 1984 vart også Noregs første akuttmedisinske kommunikasjonssentral (AMK) etablert i Sentralblokka. 

Et historisk foto av to personer som sitter ved en sentral med mange skjermer
Landets første akutt medisinske kommunikasjonsentral opna i mai 1984. 

Helsepolitisk dragkamp og stramme sjukehusbudsjett 

Bare eit år ut i bygginga, kom dei første signala frå myndigheita i Oslo om ein muleg omkamp om deler av bygginga. Ei endring i helse- og sjukehuspolitikken gjennom 1970-åra gjorde at Staten gjekk ifrå å heie på sjukehusutbygginga til å utrope utgiftsveksten i sjukehussektoren til eit samfunnsproblem. Helsedirektør Torbjørn Mork kravde ei auke i antall sengepostar og at fleire funksjonar enn planlagt skulle inn i bygget, utan å auke arealet. Mork sin inngripen har i ettertid fått skylda for å ha forseinka byggeprosessen med tre år og fordyra den med eit ukjent antall millionar. 

Endringa i helse- og sjukehuspolitikken endra premissane for heile byggeprosjektet. Resultatet var at sjukehus og Hordaland fylke vart kasta ut i ei krise. Da budsjettet for 1976 vart lagt fram, slo klinikkane alarm. Dei ansatte var overarbeida og pasientane sin sikkerheit stod i fare. Sjukehusdirektør Otto Birkeland beslutta å redusere aktiviteten og la ventelistane auke, med grunngivinga “Ei slik auking vil i sin tur bli brukt til å “øve trykk på de politiske myndigheter”.  

Mens bygget reiste seg, pågjekk ein håplaus politisk kamp og sjukehusets organisasjon var nær oppløysing: Overlegane nekta å ta medisinsk ansvar for sine avdelingar, sjukehusdirektøren søkte seg vekk, og styrets formann skulda fylket for å ta livet av pasientar gjennom sine vedtak. Styret anmoda i etterkant direktør Birkeland om å fortsette som direktør ved sjukehuset, hvor han vart fram til 1988.

I 1982 bevilga endeleg kommunal- og arbeidsdepartementet Haukelandspakken. Ei krisepakke som bestod av eit lån på 200 millionar for å sikre sluttfinansieringa av bygginga, i tillegg til eit driftstilskot på 150 millionar. Nå var det i det minste mogleg å ta i bruk Sentralblokka. 

 
Sentralblokka blir tatt i bruk 

Den første innflyttinga starta allereie i juni 1978, da Onkologisk og Radiofysisk avdeling tok i bruk nye lokale i underetasjen. Høsten 1980 fulgte Sentralforsyninga etter. Sjølve D-dagen for å ta i bruk Sentralblokka var 27.mai 1983. Dette var dagen da hovedtyngden av operasjonane vart utførte i den nye Sentraloperasjonsavdelinga, og Akuttmottaket vart overflytta. Seinhøsten 1983 var alle avdelingane på plass.

Innflyttinga og ibruktakinga av det nye bygget var ei enorm oppgåve. 3000 rom fordelt på 125 000 kvadratmeter gulvflate vart planlagde og utforma slik at dei oppfylte sine tiltenkte funksjonar. Ein viktig føresetnad var at drifta på sjukehuset skulle holde seg på eit minimumsnivå under heile innflyttinga. Det heile gjekk så smertefritt at ein i fleire år undra seg over korleis det kunne gå til. 

En person som sitter ved en sentral med flere datamaskiner
Ein ny og moderne overvakingsentral anno 1983.

Ein av dei viktigaste årsakene til suksessen var involveringa av dei ansatte. Dei hadde sjølv fått forme arbeidsplassane sine, og hadde derfor ein sterk lojalitet til løysingane. Sjøv den minste ting vart bestemt av dei ansatte, ikkje ein arkitekt frå Statsbygg, og beslutningane var basert på deira fagkunnskap og arbeidsrutinar. Forseinkingane i byggearbeida ga og ein lang planleggingsperiode – noko som vsr ein medvirkande årsak til det gode resultatet. 

Vi bygger om for dei neste 40 åra 

No startar ein ny epoke i Sentralblokka sin historie. Dei neste 10 åra skal vi bygge om og modernisere dette landemerket i Bergen. - Dette gjer vi for å auke kvaliteten for ulike funksjonar, gi meir pasientvennlege areal og betre arbeidsprosessar. Vi skal forbetre og auke kapasiteten for å dekke auke i etterspørsel etter helsetenester,  presiserarMerethe Storegjerde, presiserar leiar for Program Sentralblokka 


 - Å se tilbake på dei siste 40 åra gir oss perspektiv for arbeidet med korleis vi skal huse store delar av dei somatiske tenestane våre. Vi må tenke nytt og fleksibelt for ei fremtid vi ikkje kjenner enno, understrekar Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør og leiar for programstyret.  


Alle avdelingane skal vere i ordinær drift samstundes som dei skal rokkere rundt under bygginga. De fleste etasjane blir påvirka; sengepostar, operasjon- og overvaking, traumeintensiv og kirurgisk overvaking, poliklinikk og dagbehandling. Den tekniske infrastrukturen skal også bli oppgradert.  
 
Organisasjonsutvikling skal være grunnlaget for hvordan Sentralblokken blir. Teknologi, arbeidsprosessar, kompetanse, kultur og organisering skal underbygge visjonen for kva den nye sentralblokka skal bli.