Etter dette har ein jobba godt internt i både kommunar og sjukehus med å få oversikt over kva tiltak som allereie er på plass, og kva for punkter ein lyt forbetre.
Helsefelleskapet i vårt opptaksområde har vært tydeleg på at eit slikt oppdrag kun kan løysast i felleskap, og med utgangspunkt i dette – forankra oppdraget i samhandlingsstrukturen og oppmoda aktørane om å møtes til felles drøfting og planlegging.
- «Målet må være at pasientar og deira pårørande skal oppleve eit heilskapeleg, tilpassa og samanhengande helsetenestetilbod – ikkje berre et samanhengande spesialisthelsetenestetilbod», formidla viseadministrerande direktør, Randi-Luise Møgster.
Fredag 10. mars var forløpskoordinatorar og fagfolk frå sjukehuset samla til første workshop saman med kreftkoordinatorar, fastlegar og representantar frå forvaltninga frå alle dei 18 kommunane våre.

Over 80 tilsette både frå kommunar og sjukehus, var saman med prosjektleiar og brukare til stades i Bikuben.
Der fekk dei høyre innleiingar frå leiinga ved sjukehuset, frå
Helsedirektoratet og frå brukarane, før dei gjekk i gong med felles gruppearbeid
på tvers av både sektorar og profesjonar.
- «Eg trur at dette pakkeforløpet kan bidra til tryggleik og støtte til
pasientane, både i den viktige overgangen mellom sjukehus og kommune og i den
vidare oppfølginga i kommunen», formidla tidlegare kreftpasient, Sigrid Himle
Iversen.
Fredagens workshop gav startskotet til eit felles arbeid med å løyse den
felles oppgåva som nå ligg føre oss.

Pål Ove Vadset frå Seksjon for Helsetenesteutvikling i samtale med to tidlegare kreftpasientar, Trine Stabenfeldt og Sigrid Himle Iversen der dei delte både erfaringer, tanker og forventninger.

Ingunn Løvstad Sørensen frå Helsedirektoratet deltok via TEAMS og informerte om både bakgrunn for, og innholdet i pakkeforløpet.
Kontaktpersoner i Helse Bergen