Har undersøkt status på registrering av forskningsresultat
Haukeland universitetssjukehus kom denne veka dårleg ut i ei undersøking gjort av TranspariMed. Berre halvparten av 30 kliniske studiar som var registrert som påbyrja ved sjukehuset, var registrert med publisering av resultat i ClinicalTrials.gov.
Dette var nedslåande resultat for sjukehuset, og fagdirektør Marta Ebbing la seg flat i kommentaren til media om saken 7. februar.
– Undersøkinga frå TranspariMed ble publisert på svært kort varsel, og vi hadde ikkje moglegheit til å ettergå metode eller funn, men det har vi gjort nå, fortel Ebbing.
– Ved undersøking av dei 15 (av 30) registrerte kliniske studiane som sjukehuset var forskingsansvarleg for, i den aktuelle perioden, fant vi at:
- 1 studie ikkje skulle vore registrert i ClinicalTrials.gov; det var ikkje ein klinisk studie.
- 10 studiar starta aldri opp, eller vart avslutta tidleg, på grunn av manglande finansiering, manglande rekruttering eller andre forhold, og skulle vore registrert som terminerte i ClinicalTrials.gov.
- 3 studiar er publiserte utan at publikasjonane er registrert i ClinicalTrials.gov eller funnen av undersøkinga.
- 1 studie har fullført rekruttering og held på å gjere opp data, skal publiserast, men er forsinka grunna uforutsette forhold.
– Dette handlar om registreringsfeil, og ikkje manglande publisering. Vi skal skjerpe oss og rutinane vedr. registrering i ClinicalTrials.gov og lignande databaser, seier fagdirektøren.
– Samtidig vil eg framheve kor viktig det er at vi har kliniske studiar, og at pasientar vil delta. Pasientar skal ha tillit til at når dei er rekruttert til kliniske studiar, så er deira innsats til nytte. Når vi nokon gonger ikkje får gjennomført kliniske studiar som planlagt, skal pasientane få beskjed om dette, avsluttar Ebbing.
Her er undersøkinga frå TranspariMed: