- Eg har leia denne avdelinga i 20 år, men eg har ikkje hatt ein einaste kjedeleg dag på jobben sidan eg byrja, og eg er umåteleg stolt over avdelinga og kva vi har fått til, sa Aslaksen for ein fullsett sal ved Scandic hotel Flesland.
Aslaksen takka alle i leiargruppa og stab, og andre som har bidratt til arrangementet som markerer 100 strålande år i Bergen, før han gav mikrofonen til professor i historie, Morten Hammerborg. Saman med Teemu Ryymin har Hammerborg skrive boka "Veien til Haukeland".
Hammerborg tok forsamlinga med tilbake til opprettinga av sjukehuset i Bergen, og fortalde om korleis Bergen stadig har måtta kjempe for statlege midlar til det som skulle bli Haukeland universitetssjukehus. Ikkje minst tok han dei med gjennom dei store gjennombrota i radiologiens historie.
- Tempoet på 1800-tallet i spreiinga av medisinsk kunnskap og den enorme interessa det hadde i pressa, globalt sett, er forbløffande. Røntgen klarte å lage røntgen-bildet sitt i november 1895, heldt foredrag om det i desember, og fekk det trykt i eit vitskapleg tidsskrift i 1895-årgangen. I januar 1896 var det haugevis av oppslag om det fantastiske som hadde skjedd, i norske aviser.
Nokre fakta:
- Det første røntgenbildet tatt i Bergen er frå 1898, frå Armauer Hansens hand.
- Sjukehuset i Bergen fekk røntgenapparatet sitt seinast i 1905.
- Det pågjekk ei enorm mengde forsking på den nye metoden, også med tanke på behandling. Ein prøvde å behandle, mellom anna, kreft.
- I 1906 blir Robert Klosters artikkel «Er røntgenbehandling av leukemi uten fare?» publisert
Årsberetning for 1909:
- 201 fotograferingar
- 47 gjennomlysingar
- 7 behandla pasientar (3 cancer inoperable, 1 sarkoma auris, 2 leukemia, og 1 favus)
Eiga røntgenavdeling i eige bygg frå 1922/23!
Og det var byrjinga på 100 år med Radiologisk avdeling i Bergen, noko som vart feira med foredrag og god middag for alle inviterte.

Avdelingsdirektør ved Radiologisk avdeling, Aslak Aslaksen.

Aslaksen takkar professor i historie, Morten Hammerborg, for innføring i Radiologisk avdelings historie.

Aslaksen saman med Hammerborg.

Professor Ingfrid Haldorsen på scena.

Aslaksen med sekretær Janneke Korsvold.

Klart for god mat og god stemning.

Bandet The Artifacts består av røntgenlegar frå Radiologisk avdeling, og denne gongen fekk dei også hjelp av radiografane Maja og Jørgen. Dei spelte låtar om livet på Radiologisk avdeling, og klassiske rockelåter, alt til vill applaus.